Kvalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvalar


Gråkval
Gråkval

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Cetacea
Vitskapleg namn
Cetacea

Kvalar (Cetacea) er ein orden store pattedyr spesielt tilpassa liv i vatn. Det finst over 80 artar. Dei fleste artane held til i havet, men det finst òg nokre få tannkvalartar som lever i ferskvatn. Blant kvalane finn ein òg det største pattedyret i verda, den enorme blåkvalen som kan vege opp mot 200 tonn og bli over 30 meter lang. Den minste av alle kvalar er den vesle hektordelfinen, som normalt berre vert 1,2-1,5 meter lang og veg frå 35-60 kg (i snitt ca. 48 kg).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Størst og minst (blåkval og hektordelfin)

Kroppen[endre | endre wikiteksten]

Alle kvalar har ein straumlinjeforma kropp som gjev liten motstand i vatn, men kroppsforma varierer likevel ganske mykje. Dei raskaste kvalane har gjerne ein torpedoliknande kropp, mens dei langsamare artane gjerne liknar meir på eit gigantisk rumpetroll i forma. Kroppen er òg i varierande grad dekt med eit isolerande spekklag som varierer i tjuknad frå art til art. Artar som held til i kalde farvatn (Arktis eller Antarktis) har det tjukkaste spekklaget, som hjå nokre artar kan utgjere nærmare femti prosent av totalvekta. Spekket kan på einskilde plassar bli opp mot 50 cm tjukt hjå dei største artane.

Hos kvalen er forlemmane omdanna til luffeliknande sveiver som kvalen brukar til å manøvrere med. Dei små baklemmane, som ikkje er festa til ryggraden, er derimot gøymd inne i kroppen på dyret. Ytst på halen har alle kvalar ein horisontal halefinne som dei bruker til å skape framdrift i vatnet med. Dei raskaste kvalane kan truleg kome opp i 50 km/t eller meir. Hjå nokre artar kan halefinnen og ryggfinnen òg brukast til å identifisere individa, fordi dei er unike i anten form eller mønster.

Kvalen er mellom få pattedyr som nesten ikkje har hår på kroppen.

Skjelett[endre | endre wikiteksten]

Kvalskjelettet saknar tyngre fast beinstruktur. Storparten av beina er lette og elastiske. Mange skjelettdelar er erstatta av brusk eller til og med feittvev. I øyra og snutepartiet har kvalar spesielle bein som berre finst på desse plassane. Dette er beindanningar som på grunn av høg tettleik som minner om porselen har heilt spesielle akustiske eigenskapar og såleis leier lyd betre enn annan beinstruktur.

Hovud, hals og auge[endre | endre wikiteksten]

Mange kvalar har enorme hovud. Hjå nokre artar utgjer hovudstorleiken nærmare ein tredjedel av kroppen. Forlenginga av hovudet (snuten) har hjå nokre kvalar fått ei utforming som minner meir om eit nebb, og vert difor ofte omtalt som dette - kvalnebb. Kvalnebbet er likevel ikkje bygd opp som eit tradisjonelt fuglenebb. Kraniet har blitt monaleg endra og ofte ekstremt forlengd, som følgje av at kjevane er kraftig forlenga (særleg hjå dei største artane).

Dei fleste kvalar har godt syn, men elvedelfinar er anten svaksynte eller heilt blinde.

Halskvervlane er lite rørlege hjå dei fleste kvalartane, sjølv om nokre artar har eit visst høve til å bevege nakken. Auga er små i tilhøve til hovudstorleiken, men dei fleste kvalar har godt syn både i og over vatn. Elvedelfinene er likevel anten svært svaksynte eller blinde. Dei har då òg mindre bruk for synet, sidan elvesystema dei lever i gjerne har grumsete og ugjennomsiktig vatn.

Blåsehòl[endre | endre wikiteksten]

Hjå alle kvalar, unnateke ein art, er nasen flytta opp på toppen av hovudet eller nakken, der han dannar eit såkalla blåsehòl med anten enkel eller dobbelt pusteopning. Når kvalen kjem til overflata for å puste kan somme artar bytte ut omkring 90 prosent av lufta i lungene i eitt og same andedrag. Til samanlikning byter menneske ut berre ca. 30 prosent. Når den gamle lufta blåsast ut kan blåsten hos nokre artar sjåast på lang avstand. Hos blåkvalen kan den stå 12 meter til vers. Nokre artar bruker òg blåsten i ein fiskenotliknande teknikk for å fange byttedyr i neddykka tilstand. Når kvalane kjem til overflata etter eit dykk treng dei gjerne fleire inhaleringar for å bygge opp oksygenreservane på nytt, men behovet varierer mellom artane.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kvalar blir delt tradisjonelt inn i to underordenar, baserte på tannstrukturen. Bardekval har fått tennene omdanna til såkalla bardar og vert generelt sett større enn tannkvalane, som har ekte tenner.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Kvalar lever for det meste i havet, bortsett frå elvedelfinar som finst i nokre av verdas største elvesystem. Kvalane finst i alle verdshava, frå pol til pol. Somme artar trivst best langs kysten, medan andre helst ferdast på ope hav. Mange av artane migrerer òg mellom sommarbeite og vinterbeite, og kan då, sjølv om dei til vanleg trivst best ved kysten, krysse over ope hav. Det finst òg relativt stasjonære artar.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sosial åtferd[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste kvalartane er sosiale og dannar flokkar som kan bestå av alt frå 2-3 dyr til fleire tusen dyr. Somme dyr lever òg i eit solitært tilvære. Dei største flokkane blir som regel danna når kvalane migrerer mellom beiteplassene gjennom sesongen, men av og til dannar det seg òg slike kjempeflokkar om tilgangen på mat er spesielt gunstig.

Normalflokken består som regel av eit tal vaksne hoer og avkommet deira, og vert gjerne kalla ein mødreflokk eller haremsflokk. Unge hannar forlèt mødreflokken når dei vert kjønnsmogne og dannar ofte eigne ungkarsflokkar, medan unge hoer oftast blir verande i haremsflokken. Seinare i livet forlèt dei eldre hannane ungkarsflokken og dannar mindre hannflokkar , eller vert solitære. Vaksne hannar og hoer kjem sjeldan saman, anna enn under paringstida, ved migrering mellom beiteplassane, og under store etegilde då tilgangen på mat er god.

Dykkaråtferd[endre | endre wikiteksten]

Alle kvalar er særs dyktige dykkarar, men det er stor forskjell på dykkaråtferda mellom ulike artar og grupper. Dei beste dykkarane finn ein mellom tannkvalane, i den forståinga at mange av desse kvalane dykkar djupare og lengre enn bardekvalane. Årsaka til dette er å finne i kva slags føde desse dyra normalt et.

Som gruppe står nebbkvalane i ei særstilling når det gjeld djupe dykk, men den beste dykkaren av dei alle er truleg spermkvalen. Forskarane meiner at denne kvalen sannsynlegvis kan dykke ned mot ei djupn på 3000 meter eller meir, sjølv om slike dykk aldri har vorte offisielt dokumentert. Faktisk er dei djupaste dykka som er dokumentert av ein spermkval «berre» målt til 1 219 meter. Det har likevel vorte registrert dykk som har vart opp mot 120 minutter, og fleire forskarar trur at spermkvalen kan vere neddykka i opp mot 190 minutt (Eugen Gravningen Sørmo [1], 2003) på det mest ekstreme.

Den offisielle verdsrekordenen for pattedyr er på 1899 meter, og blei utført av ein gåsenebbkval den 17. oktober i 2006, i eit dykk som varte i 85 minutt[2]. Det er likevel sannsynleg at denne kvalen kan dykke endå djupare, truleg til meir enn 2 000 meter. Nebbkvalar dykkar vanlegvis i 20-30 minutt og til djup på 1000 meter eller meir.

Sjølv om kvalen er eit pattedyr unngår han dykkesjuke. Når ein kval dykkar djupare enn 100 meter, kollapsar lungene ettersom trykket aukar, og den komprimerte lufta blir pressa inn i det respiratoriske treet som motstår trykket fordi kvalar har brusk i veggene, heilt ned til dei terminale bronkiolene. Brusken gjer at kvalen toler trykket. Frå desse respiratoriske gongene kan ikkje nitrogeneit trekke seg inn i blodbana, slik at dykkarsjuke kan oppstå.

Kvalane har utvikla mange av dei same tilpassingane til dykking ein finn hos selar. Kvalane har mellom anna auka kapasitet for lagring av oksygen som følgje av eit stort blodvolum med høge hematokritverdiar (delar med raude blodlekamar målte i prosent) og høge konsentrasjonar av myoglobin (eit protein som er viktig for å transportere oksygen til musklane) i muskulaturen. Det er òg kjent at kvalar kan regulere hjartefrekvensen under dykking - såkalla bradykardi, men artane har sannsynlegvis ulike føresetnader og behov. Behovet er størst hos dei artane som dykkar djupast, og derfor truleg òg best utvikla.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Knølkvalen er kjend for kvalsongen sin.

Kvalen kommuniserer med både lyd (såkalla kvalsong) og kroppsspråk. Kvalsongen blir gjerne delt opp i emnar eller frasar (sistnemnde er kortare). Det er berre hannane som «syng», og forskarane har registrert at songen endrar litt seg frå år til år. Mest kjend for songen sin er knølkvalen. Sidan kvalar ikkje har stemmeband, oppstår songen når kvalen pressar luft gjennom dei enorme nasegongene sine. Forskarar er framleis usikre på kva formålet med kvalsongen er, men sidan berre hannane syng, trudde ein lenge at songen berre var for kurtisering. No meiner likevel forskarane at songen òg tener ei rekke formål. Sidan lyd ber svært godt i vatn kan kvalar kommunisere med infralyd (lågfrekvent lyd) over enorme distansar, kanskje over fleire hundre kilometer. Kvalar har derfor spesielt godt utvikla høyrsel.

Kvalstranding[endre | endre wikiteksten]

Stranda kval som blir freista redda

Det hender at kvalar strandar, altså sym på land og ikkje sjølv klarer å ta seg ut på djupt nok vatn til å kunne symje. Kvalstranding skjer alt oftare og oftare, men ein veit ikkje med visse kvifor det skjer. Det eksisterer ei rekke ulike teoriar. Ein teori er at kvalane av ulike årsaker feilnavigerer. Ein annan teori er at kvalane vert jaga på land, eksempelvis av jaktande spekkhoggarar.

Dei fleste kvalar som strandar er artar som held til på djupt vatn. Dette er årsaka til teorien om feilnavigering. Ein kan tenke seg at dei ikkje er kjende i kyststrøka og derfor feilnavigerer og hamner på land. Den mest omfattande massestrandinga ein kjenner til i nyare tid skjedde på New Zealand i 1985, då om lag 400 grindkvalar stranda i løpet av kort tid. Òg i 2005 stranda det 129 grindkvalar på New Zealand, men denne gongen greidde styresmaktene å redda 108 av dei[3].

I det siste har stadig fleire forskarar teke til ordet for at såkalla elektronisk forureining kan vere ei årsak til at kvalar strandar. Ein tenker seg då at stadig meir utstrekt bruk av ekkolodd og sonar (særleg i militær samanheng) kan påverke navigasjonsevna til kvalane.

Evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Nedstamming[endre | endre wikiteksten]

Nedstamminga til kvalane har lenge vore ei gåte for vitskapen, som har hatt to hovudteoriar. Lenge trudde ein at kvalane var etterkomarar av forhistoriske kjøtetande dyr som likna mest på notidas hyenar, men hadde hovar. Denne gruppa dyr er kjent under det vitskaplege namnet Mesonychidae.

Ifølgje den andre hovudteorien, som no altså blir rekna som den sikraste, delte kvalane forfedrar med dyr i gruppa Artiodactyla, ei gruppe klauvdyr som i tillegg òg omfattar sauer, geiter, hjortar, storfe og flodhestar. Tidlegare molekylære og genetiske studium styrker òg denne teorien, som gjer flodhesten til kvalen sin nærmaste nolevande slektning. Deira felles forfar høyrde såleis til den vitskaplege gruppa Condylarthra, som gjerne blir kalla tidlege hovdyr og truleg blomstra opp for ca. 65 millionar år sidan, samtidig med at dinosaurene daude ut.

Dei første kvalane[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar no med at kvalen sine forfedrar gjekk i vatnet for omkring 50 millionar år sidan, der dei etter kvart blei til tidlege kvalar i gruppa Archaeoceti. Forvandlinga frå denne gruppa til moderne kvalar (i gruppa Cetacea) tok truleg noko over 20 millionar år.

Den amerikanske paleontologen Philip D. Gingerich, som jobbar ved University of Michigan, fann likevel eit anna svar på gåta i 2000. Under arbeid Pakistan oppdaga han eit 47 millionar år gammalt fossil av Pakicetus, eit landlevande dyr på storleik med ein ulv. Gingerich oppdaga saman med Neil Wells, Donald Russell, og S. M. Ibrahim Shah opphavleg Pakicetus tilbake i 1983, men det nye funnet bestod av delar som gjorde det mogeleg å fastslå at Pakicetus hadde ein okleknokkel som likna kraniet til sauene og eit som likna kvalane sin. Pakicetidene (Pakicetidae), som desse dyra blir kalla i eit familieomgrep, omfattar i tillegg til slekta Pakicetus òg dei tre slektene Gandakasia, Nalacetus og Ichthyolestes (sistnemnde på størresle med ein rev]]). Fossile pakicetider er funne både i Pakistan og i det nordvestre India, i eit område forskarane meiner var eit kystområde for 52 millionar år sidan. Ein kan derfor tenke seg at dei kjøtetande pakicetidene (rovdyr) kanskje fann føda langs denne kyststripa eller kanskje direkte i vasskanten.

Ein reknar i dag at Cetacea som gruppe oppstod for omkring 35 millionar år sidan. Vidare reknar ein med at gruppa av bardekvalar og tannkvalar truleg skilte lag for omkring 30 millionar år sidan[4].

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Det vitskaplege namnet «Cetacea» stammar frå den latinenske ordet Cetus og blir brukt i biologien som namn på «kval»; den opphavlege tydinga «stort sjødyr» var meir generelle. Den stammar frå det greske ordet ketos, som direkte omsette betyr «sjømonster». Cetologi er den delen av marin vitskap som omhandlar studiet av kvalartane.

Det finst meir ein 80 kvalartar, men det knyt seg relativt stor uvisse til det eksakte talet. Årsakene til dette er fleire. Ei hovudårsak er at forskarar seg i mellom er ueinige om kor grensene for artsdeling skal gå, ikkje berre blant kvalar, men generelt sett. Moderne teknologi har ført til at det har blitt «oppdaga» ei rekke «nye» artar, basert på forskjellar i arten sin anatomi, morfologi og DNA-profil. Ein snakkar altså ikkje om uoppdaga dyr og plantar, men om «velkjente» førekomstar som med ny teknologi kan definerast som nye artar.

Kvalar er vanskelege å studere, sidan dei bruker mykje tid i neddykka tilstand. Ein må difor rekna med at det stadig vil dukka opp både nye artar og slekter. I dei siste to tiåra har det blant anna dukka opp fleire nye artar mellom dei lite kjende nebbkvalane. Teknologien har òg konstatert at dyr vi tidlegare rekna som separate artar eigentleg høyrer til same art, slik tilfellet var med ganges- og indusdelfin]. Desse blir no rekna som underartar av Platanista gangetica.

Familiar, slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Etter Laura May-Collados og Ingi Agnarssons store gransking (publisert i 2005), vert det rekna med 64 (63 omtykte) kvalartar [5]. Resultatet frå studiet stemmar godt med nyare DNA-forsking, men det blei òg gjort nokre nye oppdagingar. Dette er det teke omsyn til nedanfor. Blant anna slår undersøkinga fast at sørleg vågekval (Balaenoptera bonaerensis) er nærmare i slekt med gråkval (Eschrichtius robustus) enn med seikval (Balaenoptera borealis) og brydekval (Balaenoptera edeni), men dette er det ikkje teke omsyn til i listene på våre kvalsider. Det er likevel ein indikasjon på at klassifiseringa av kvalane kanskje vil få nokre endringar i åra som kjem.

I tillegg til artane som var med i undersøkinga inkluderer listene (på tannkval- og bardekval-sidene) òg 20 artar som ikkje var med, men som gjerne blir rekna som eigne artar. Manglande aksept for enkelte artar kjem eventuelt fram i den einskilde artikkelen. Den totale lista inkluderer derfor 15 bardekvalar og 69 tannkvalar (totalt 84 artar kval).

Kvalen og mennesket[endre | endre wikiteksten]

Kvalfangst[endre | endre wikiteksten]

Hovudartiklar: Kvalfangst og Norsk kvalfangst
Hvalfangst i siste halvdel av 1800-talet

Det er uvist når mennesket først byrja å jakte. på kval. Dei tidlegaste arkeologienske funna som indikerer kvalfangst har blitt funne i Sør-Korea, kvar innrissa teikningar (daterte til 6000 f.kr) viser at steinaldermenneske jakta på kval med båtar og spyd. Hvalfangsteknikkar har likevel blitt meir teknologisk sofistikert over tid.

Kvalfangst var til å byrje med avgrensa til nærkystområde, slik som for eksempel det baskiske fiskeriet, som jakta på den nordatlantiske rettkvalen frå 1400 til 1700-talet, og fiskeriet rundt og imellom Svalbard og Grønland frå ca. 1600-1900-talet. Etter moderne kvalfangstteknikkar dukka opp har visse kvalartar blitt alvorleg påverka av fangstverksemda. Desse metodane blei motivert på 1800-talet først og fremst av ein aukande etterspørsel etter kvalolje, mens det seinare på 1900-talet var etterspørsel etter kvalkjøt som var mest utslagsgjevande, ettersom kvalolje i større grad blei erstatta av petroleum.

Pelagisk kvalfangst blei drive av store kvalfangstekspedisjoner, som bestod av eit flytande kvalkokeri og opp mot 10 kvalbåtar. Noreg, England, Nederland og Japan utrusta slike ekspedisjonar i 1950-åra, og fangsten blei hovudsakleg drive i Sørishavet.

Kvalfangsthistoria har påverka både utviklinga av mange kulturar såg vel som miljøet deira.

Freding og ny fangst[endre | endre wikiteksten]

Observasjon

I 1982 vedtok Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) ein fangststopp (moratorium) for all kommersiell kvalfangst med verknad frå 1986. Noreg reserverte seg mot stans i småkvalfangsten i Nordaust-Atlanteren, men innførte mellombels stans i vågekvalfangsten frå 1987, i påvente av betre kunnskap om bestandsstorleiken. Vitskapskomitéen i IWC har lagt fram både sikrare bestandsoverslag og ein revidert forvaltningsprosedyre, men kommisjonen har sidan 1990 likevel ikkje vore villig til å revurdere moratoriet og fangstkvotene.

I 2004 blei vågekvalbestanden i dei områda i Nordaust- og Sentral-Atlanteren der Noreg driv fangst bedømt til 107 000 dyr - stor nok til å gje grunnlag for berekraftig hausting. Totalbestanden i Sentral-Atlanteren blei i 2001 vurdert av Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen til 63 500 dyr.

Etter eit opphald på fem år for studiar av bestandsgrunnlaget, vedtok regjeringa at fangsten av vågekval skulle starte opp att i 1993. Reservasjonen mot fangststoppen er heimla i Artikkel V i Hvalfangstkonvensjonen. Noreg sin juridiske rett til å drive vågekvalfangst er dermed ikkje omstridd.

Dei norske kvotane på vågekval blir baserte på vitskapskomitéen sin reviderte forvaltingsprosedyre. I 2005 var kvoten på 670 dyr, mens den for 2007 er på 1052 dyr. Kvoten er altså like stor som i 2006, men det er ein viktig forskjell. I 2007 vil det bli tillat å ta inntil 900 dyr i områda langs kysten, det vil seie i Nordsjøen, langs kysten frå Stad til Finnmark, i Barentshavet og ved Svalbard.

I januar 2007 fekk likevel ei rekke kvalartar endra statusen sin på den internasjonalen raudlista for truga artar og blir no rekna som berekraftige artar igjen. Dette kan føre til ny fangst på artar som lenge har vore totalfreda. Artane som blir omfatta av endringa er i tillegg til vågekval, òg knølkval, kvitkval, narkval, kvitnos, kvitskjeving og nise[6].

Kvalsafari[endre | endre wikiteksten]

At det blei eit generelt forbod mot kvalfangst på 1980-talet blir ikkje minst takka vere eit sterkt engasjement frå ei rekke ulike internasjonale miljøorganisasjonar, der spesielt Greenpeace utmerka seg med metodane sine for å stopp fangsten.

Ein av dei mest markante personane i motstandsrørsla mot kvalfangst var skippar og miljø- og dyrevernaktivisten, kanadiaren Paul Watson, som var ein av dei tre grunnleggarane av Greenpeace, og eit produkt av Greenpeace-rørsla sin intense kampanje mot kvalfangst i det gamle Sovjet1970-talet. Watson var villig til å ty til meir ekstreme verkemiddel for å oppnå måla sine. Han forlét Greenpeace og danna den nye og langt meir ekstreme organisasjonen Sea Shepherd Conservation Society i 1977. Eit av verkemidla han tok i bruk var å renne kvalfagerskutene i senk. Som skipper om bord på båten Sea Shepherd hevdar Watson å ha søkt 10 kvalskutar sidan 1979.

På denne tida hadde det alt utvikla seg ei interesse for såkalla kvalkikking i nokre land. Folk samla seg i grupper og drog til sjø sin med båt for å kikke på kvalane, som kan vere ganske nysgjerrige dyr. Kvalkikkinga utvikla seg raskt til å bli ei ny form for turisme i nokre land, kanskje spesielt i USA og Canada som må reknast som leiande i utviklinga av denne nye næringa.

I dag er kvalkikking populært i mange land, òg i Noreg der ei rekke selskap no tilbyr turistar å sjå kval gjennom eit produkt næringa har valt å kalle kvalsafari. I Noreg er verksemda størt i nordområda - spesielt Andenes var tidleg ute - der sjansen til å sjå kval er størst. Kvalsafari har òg blitt eit populært produkt i land som Sør-Afrika, New Zealand og Australia, på Asorane og i ei rekke land rundt Middelhavet og det elles i Europa. I det siste har det òg utvikla seg ei gryande næring i land som Chile og Argentina, som begge ligg sentralt i tilhøve til kvalkikking i Sørishavet.

Fakta om kval[endre | endre wikiteksten]

Blåkvalen er verdas største dyr, uansett periode
Hektordelfinen er den minste kvalen i verda
  • Størst:
    Blåkvalen kan vege opp mot 200 tonn og bli meir enn 30 meter lang. Den er det største dyret som nokon gong har levd på Jorda. Tunga kan vege like mykje som ein elefant, hjartet er like stort som ein bil, og nokre av blodkara så store at eit menneske kan symje i dei.
  • Minst:
    Hektordelfin måler normalt 1,2-1,5 meter og veg omkring 35-60 kg. Det er den miste kvalen.
  • Hurtigast:
    Spekkhoggarar eller Staurkvalar, grindekvalar og melonhovuddelfinar kan oppnå ei toppfart på nær 50 km/t, men Stillehavsnisa er truleg enno raskare. Det er truleg òg nokre av dei store finnkvalane.
  • Dødlegast:
    Spekkhoggaren eller Staurkvalen kan drepe og ete både selar og mindre kvalar, som den sluker heile. Den kan til og med angripe kalvar av blåkval.
  • Djupast:
    Gåsenebbkvalen har den offisielle verdsrekorden i djupdykking blant pattedyr (1 899 meter), men spermhkalen blir likevel rekna som den beste dykkaren og kan truleg dykke ned mot 3 000 meter eller meir, men det er framleis ikkje vitskapleg dokumentert.
  • Mest lydsterke:
    Blåkvalen er det mest lydsterke dyret på kloden. Skrika kan nå 186-188 dB eller meir. Heldigvis kommuniserer blåkvalen med infralyd, lyd vi menneske ikkje kan høyre. Den menneskelege øyret si smertegrense går nemleg ved 130 dB (120 phon).
  • Størst tenner:
    Narkvalens støttann (den har berre ei) kan bli 2-3 meter lang og liknar eitt vridd spyd. Tanna har gjennom hundreår vore brukt til produksjon av elfenbein.
  • Lengst bardar:
    Knølkvalen har dei lengste bardane av alle bardekvalar. Bardane kan bli opp mot 430-450 cm lange og er ca. 35-36 cm breie. Bardane heng ned frå overkjeven i to rader og fungerer som eit filter.
  • Største hjerne:
    Spermkvalen har den største hjernen i tilhøve til kroppen.
  • Lengst migrering:
    Gråkvalen er det pattedyret som migrer lengst av alle, heilt opp mot 20 000 km kvart år.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bonner, Nigel. «Whales of the World», Octopus Publishing, 2002, ISBN 0-7137-2369-6
  • Cahill, T. «Dolphins», National Geographic, 2003, ISBN 0-7922-3372-7
  • Carwardine, Mark. «Wale und Delfine», Delius Klasing, 1996 ISBN 978-3-89893-501-2
  • Carwardine, Mark. Delfine - «Biologie, Verbreitung, Beobachtung in freier Wldbahn», Naturbuch Verlag, 1996 ISBN 3-89440-226-1
  • Carwardine, Mark, Hoyt, R., Fordyce E., Gill, P. «Whales & Dolphins - the ultimate guide to marine mammals», Harper Collins, 2002, ISBN 0-00-220105-4
  • Clapham, P. «Whales», World Life Library, Colin Baxter Photography, 2001, ISBN 1-84107-095-5 s. o.,
  • Coenen, A. «The whale book: whales and other marine animals as described by Adriaen Coenen in 1585», Reaktion Books, 2003, ISBN 1-86189-174-1
  • Gérard, Soury. «Das große Buch der Delfine», Deliuzs Klasing, 1997 ISBN 3-7688-1063-1
  • Harris, Caroline. 2006. «I Wonder Why Whales Sing». ISBN 978-0-7534-5965-2
  • Haug, Tore. 1998. «Sjøpattedyr - om hval og sel i norske farvann». Universitetsforlaget. ISBN 978-82-00-22729-8
  • Kalland, Arne. 1996. «Hval og hvalfangst: Vitenskap, politikk, etikk». ad Notam/Gyldendal. ISBN 82-417-0682-0
  • Kalland, Arne. 1996. «Marine Mammals in the Culture of Norwegian Coastal Communities». Elsevier. ISBN 0-444-82070-1
  • Kiefner, Ralf. «Wale und Delfine weltweit», Jahr Top Special Verlag, 2002 ISBN 3-86132-620-5
  • Kinze, C. C. «Photographic Guide to the Marine Mammals of the North Atlantic», Oxford University Press, 2002, ISBN 0-19-852625-3
  • Mann, J., Connor, R. C., Tyack, P. L., Whitehead, H. (ed.) «Cetacean Societies - Field Studies of Dolphins and Whales», University of Chicago Press, 2000, ISBN 0-226-50340-2
  • Martin, T. «Whales, Dolphins & Porpoises», World Life Library, Colin Baxter Photography, 2003, ISBN 1-84107-173-0
  • McIntyre, Joan (Hrsg). «Der Geist in den Wassern. Zu Ehren des Bewußtseins der Wale und Delphine»; Zweitausendeins-Verlag, 1982-2000 (18.Aufl.) (Bokanmeldelse) ISBN 978-3-86150-079-7
  • Nakamura, T. «Dolphins», Chronicle Books, 1997, ISBN 0-8118-1621-4
  • Niethammer, J, Krapp, F. (Hrsg). «Handbuch der Säugetiere Europas». Band 6: Meeressäuger, Tel 1B: Wale und Delphine 1; AULA-Verlag Wiesbaden, 1994 ISBN 978-3-89104-699-9
  • Nowak, R. M. «Walker's Marine Mammals of the World», Johns Hopkins University Press, 2003, ISBN 0-8018-7343-6
  • Reeves, R. R. Stewart B. S., Clapham P. J., Powell J. A., «See Mammals of the World - a complete Guide to Whales, Dolphins, Seals, Sea Lions and Sea Cows», A&C Black, 2002, ISBN 0-7136-6334-0
  • Smolker, R. «To touch a wild dolphin - a journey of Discovery with the Sea's Most Intelligent Creatures», Souvenir Press, 2002, ISBN 0-285-63655-3
  • Williams, Heathcote. «Kontinent der Wale», Zweitausendeins, 1998 ISBN 3-86150-058-2
  • Wilson, B. «Dolphins», World Life Library, Colin Baxter Photography, 2002, ISBN 1-84107-163-3
  • Würtz, M., Repetto N. «Underwater world: Dolphins and Whales», White Star Guides, 2003, ISBN 88-8095-943-3

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eugen Gravningen Sørmo. 2003. «Kval i norske og hendande farvatn», side 8. Institutt for biologi, NTNU
  2. «It's. official: New free-diving record is 1,899 meters (6,230 feet)». Powered by CDNN - CYBER DIVER News Network by LEWIS SMITH
  3. «Strandede hvaler på New Zealand reddet». 21. desember 2005. NTB/VG
  4. 2002. Gingerich, P. D. 2002. «Progress on the origin of whales.» Geoscience News, University of Michigan
  5. May-Collado, Laura og Agnarsson, Ingi. 2005. «Molecular Phylogenetics and Evolution xxx (2006) xxx–xxx - Cytochrome b and Bayesian inference of whale phylogeny». Science Direct
  6. «Hval ut av Rødlista». High North Alliance. High North News 29. januar 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen er omsett frå Wikipedia på bokmål per 12.07.07

Dette er kjelder som ikkje er referert direkte i teksten, men som er nytta til ein viss grad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvalar