Kvalitetsrevisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvalitetsrevisjon er ein gjennomgang eller gransking med omsyn på kvalitet. Revisjonen skal verifisere om det er samsvar mellom praksis og ein referanse som kan vere ein standard, eit kvalitetssystem, offentleg regelverk eller ein kontrakt. Revisjonen blir utført av ein eller fleire revisorar på vegne av ein oppdragsgjevar

Typar[endre | endre wikiteksten]

Internrevisjon blir utført av interne personar i organisasjonen som blir revidert, og skal vise om kvalitetssystemet fungerer og blir følgt og om fagkunnskapen er tilstrekkeleg og tryggleiken teke i vare. Andreparts-eksternrevisjon blir utført av, eller på oppdrag frå, ein kunde i tilknyting til ein kontrakt, for å vurdere kvalitetsstyringa til føretaket og evna til å gjennomføre oppdraget. Revisjonen kan òg gjerast undervegs under gjennomføringa av oppdraget for å vise framdrifta. Tredjeparts-eksternrevisjon blir gjennomført av ein uavhengig organisasjon, til dømes eit sertifiseringsorgan, for å vurdere om føretaket tilfredsstiller krava til eit sertifikat. Han kan òg gjerast av offentleg tilsynsstyresmake for å vurdere om eit krav i ei forskrift er overheldt, til dømes helse-, miljø- og tryggleiksforskrifta (HMT).

Ved systemrevisjon føregår ein gjennomgang av kvalitetssystemet eller delar av det, for å vurdere korleis systemet blir følgt. Det kan òg dreie seg om revisjon av miljø-, økonomi- eller andre styringssystem. Ved kontraktrevisjon gjennomgår ein framstillinga av eit produkt eller ei teneste som verksemda leverer. Vurderinga blir gjort mot det som står i kontrakten med kunden. Ved prosessrevisjon blir ein framstillingsprosess vurdert mot ein prosesskildring. Ved produktrevisjon blir eigenskapane til eit produkt vurdert mot produktspesifikasjonen. Ein kan òg revidere på grunnlag av klagar eller unormale resultat, som oppfølging av tidlegare revisjon eller etter innføring av endringar i (kvalitets)systemet for å verifisere at det nye er teke i bruk på korrekt måte.

Som del av den komplette revisjonen kan ein utføre horisontal og vertikal revisjon av delar av systemet. Ved horisontal revisjon blir éit element i kvalitetssystemet, éin prosedyre osv. gjennomgått, ved mange stikkprøver. Ved vertikal revisjon følgjer ein éit oppdrag frå start til slutt, og alle prosessar og registreringar som inngår, blir undersøkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]