Kvalsundskipet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forsøk med segling av Kvalsundskipet

Kvalsundskipet er eit såkalla myrfunn.Det er den største av to båtar frå jarnalderen som vart funne i ei myr i Kvalsund i Herøy kommuneSunnmøre. Funnet vart utgrave i løpet av tre uker i juli måned 1920. Ved C-14-datering er det tidfest til 690±70 e.Kr. Båtane var knuste, lagde i myra, og dekt med eit tynt torvlag.

Kvalsundfunnet vart tolka og rekonstruert Fredrik Johannesseni samarbeid med Haakon Shetelig,som var hovedansvarlig for utgravningene.

Lengda på Kvalsundskipet har vore 18 meter, breidda 3,20 meter og djupgåande 0,78 meter. Det vert sett på som ein forløpar til vikingskipa. Skipet har hatt 10 årepar. Styret har vore på høgre side og festa som på seinare vikingskip.

I 1973 vart det bygd ei rekonstruksjon av Kvalsundskipet i full storleik. Bygginga vart utførd av Sigurd Bjørkedal i Bjørkedalen. Dette skipet har vore plassert ved Sunnmøre Museum. Siste åra har det vore i for dårleg forfatning til brukast på sjøen.

Utifrå funnmateriala har det vore vanskeleg å fastslå om Kvalsundskipet har hatt seglføring. Det vart ikkje funne restar etter seglfeste. Dei høge stamnane gjer at det vert sett på som truleg at det var rigga for segl. Det har vore gjort forsøk med å segle det nybygde Kvalsundskipet. Det vart då rigga med eit lågt råsegl. Desse forsøka viste at skipet hadde brukbare segleigenskapar.

Den minste båten i Kvalsundfunnet, var ein færing på 9,55 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]