Kvam herad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvam herad
Våpen Kart
Komm.nr. 1238
Fylke Hordaland
Adm.senter Norheimsund
Areal 615 km²
Folkemengd 8 584 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Asbjørn Tolo (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.kvam.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1238.svg
Kvam herad på Commons


Kvam herad ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Kommunen grensar i nord mot Voss og Vaksdal, i aust mot Granvin, i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Fusa og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang og Jondal.

Kart over Kvam herad

Kvam ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik og mange mindre bygder, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy. Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper.

Kvam er ein av dei få kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Ein person som kjem frå Kvam herad vert gjerne kalla ein kvemming.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet "Kvam" kjem av gamalnorsk Hvammr, som betyr (liten) dal. Antageligvis gjeld dette Steinsdalen som strekkjer seg vestover frå Norheimsund. Vikøy kyrkjesogn vart til Vigør herred i 1.januar 1838, omdøpt til Kvam Herad i 1912. 1.januar 1882 vart garden Kjepso flytt til Kvam frå Ullensvang, og delar av Strandebarm vart lagt til 1.januar 1965.


Historisk innbyggjartal[endre | endre wikiteksten]

År 1769 1801 1815 1825 1835 1845 1855 1865 1875 1890 1900
Innbyggjartal 2.507 2.929 3.049 3.437 3.912 4.246 4.558 5.002 5.360 5.642 5.977
År 1910 1920 1930 1946 1950 1960 1970 1980 1990 2001 2006
innbyggjartal 5.961 6.434 6.628 7.699 7.952 8.939 8.839 8.752 8.700 8.511 8.306

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden i Hordaland, kunsthuset Kabuso, ligg i Øystese

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kommunestyret har 27 representantar. I perioden 2011-2015 er åtte parti representerte:[2]

Asbjørn Tolo (H) er ordførar i perioden.

Næringslivet i Kvam[endre | endre wikiteksten]

Dei største arbeidsplassane i Kvam er smelteverket Elkem Bjølvefossen og skipsverftet Fjellstrand. Dernest fins ei lang rekkje av mekaniske verkstadar, transport- anlegg- og bygningsverksemder, møbelindustri og reiseliv. Jordbruk, skogbruk og fruktdyrking, fiske og fiskeoppdrett er og framleis viktige næringsvegar i Kvam.

Elver, fjorder, fjell og vatn i Kvam[endre | endre wikiteksten]


Kjende personar med tilknytting til Kvam[endre | endre wikiteksten]

Sjå Kategori:Folk frå Kvam

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.