Kvam i Gudbrandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvam
stad
Kvam kyrkje sett frå fredsparken
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Nord-Fron
Areal 1,28 km²
Folketal 753  (2023)
Folketettleik 588 / km²
Postnummer 2642 KVAM
Preposisjon Kvam
Kart
Kvam i Gudbrandsdalen
61°40′00″N 9°41′00″E / 61.66666667°N 9.68333333°E / 61.66666667; 9.68333333
Wikimedia Commons: Kvam (Oppland)

Kvam er eit sokn og ein tettstad i nordre delen av Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen.

Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam
Kvamshallen

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå norrønt hvammr, som tyder 'kort dal'.

Kvam sokn[endre | endre wikiteksten]

Kvam sokn har 1 370 innbyggjarar (2013) og femnar om tettstaden med omgjevnad. Kvam kyrkje frå 1952 er den tredje i rekka. Soknet har mellomaldersk opphav, og inngjekk i Fron prestegjeld, frå 1850 Nord-Fron prestegjeld. Ved kommunegrensreguleringa 1965 blei Sjoa krets (då med 413 innbyggjarar) overflytta frå Kvam til Sel sokn i Sel kommune.

Kvam tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden ligg ved E6 og buer seg langs med Gudbrandsdalslågen. Frå E6 ved Mors kro går Fylkesveg 419 til Kvamsfjellet, som ligg inntil Rondane nasjonalpark. Setervegen er ein del av «Peer Gynts seterveg» som kjem ned att på Vinstra. Den nye traseen for E6 vil gå utanfor tettstaden.

Kvam jernbanestasjonDovrebanen opna i 1896, og var føresetnaden for framvoksteren av tettstaden.

På «baksia» mot sør ligg Teigkampen som stenger vollane som utgjer sentrum for sola frå tidleg i november til langt ut i februar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling på Kvam
År Innbyggjarar
1950
  
490
1960
  
645
1970
  
729
1980
  
820
1990
  
743
2000
  
812
2009
  
801
2012
  
802
Kjelder:

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Største arbeidsplassen er Sponplatefabrikken Forestia Kvam med om lag 50 arbeidsplassar. På same industriområdet ligg òg Kvam Talc (klebermølle).

Kvam har to vegkroer. Vertshuset Sinclair vart opna i 1972, bygd på tomta til tidlegare Kvam Hotell som brann ned i 1970. I 1999 opna Punter Kro i bygningen som tidlegare husa Sletten landhandleri, kroa skifta seinare namn til Mors Kro. Punter Kro attoppstod i 2007, då Kvam samvirkelags lokalar vart gjorde om til serveringsstad, men vart stengde att jula 2008. På Kvamsfjellet ligg Rondablikk Høyfjellshotell.

Kiwi Rudland er einaste daglegvarebutikk. I lokala finn ein òg post i butikk. Bensinstasjonen heiter Statoil Kvam. Kvam Mekaniske Verksted er forhandlar for Nissan og Suzuki.

Krigshandlingar i Kvam[endre | endre wikiteksten]

Kvam i Gudbrandsdalen er historisk kjent for kamphandlingar under skottetoget i 1612 og andre verdskrig i 1940.

Skottetoget og massakren ved Klomstadlåven i 1612[endre | endre wikiteksten]

I samband med skottetog og slaget i Kringen sør for Otta i 1612 vart det tatt 134 fangar. Desse vart ført vekk frå slagstaden til garden Klomstad i Kvam. Ved Klomstadlåven vart dei fleste massakrerte dagen etter.

Krigen på Kvam i 1940[endre | endre wikiteksten]

Dei hardaste kampane i Sør-Noreg fann stad på Kvam 25. og 26. april 1940 mellom tyske og britiske soldatar. Under kampane gjekk om lag 70 hus tapt i brannar, mellom dei kyrkja frå 1775.

Attraksjonar og minnemerke[endre | endre wikiteksten]

  • Kvam kyrkje vigsla i 1952.
  • Ved Kvam kyrkjegard er det minnelund over britar som fall under andre verdskrig.
  • Fredspark ved Kvam Kirke, her finn ein m.a. minnesmerke over gudbrandsdølar som fall under andre verdskrig.
  • Minnesmerker på Stølane (Kvamsfjellet) der russiske soldatar blei skotne av tyskarane, og på Hillingen der tre norske soldatar mista livet i kamp mot tyske troppar.
  • Ved Vik gård sør for Kvam sentrum står det eit minnesmerke over George Sinclair, som feilaktig vart tatt for å vere leiar av skottetoget. Kyrkja i Kvam stod der fram til 1775.

Kvamværsvitser[endre | endre wikiteksten]

Ein person som kjem frå Kvam, vert gjerne kalla «kvamvær». Kvamværsvitser er eit kjent omgrep i Gudbrandsdalen. Dei er kjenneteikna med slagferdige og ofte avvæpnande kommentarar som avsluttar vitsen.

Kjente kvamværar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rolf Rasch-Engh Skottetoget og kampene ved Kringen 1612 utgitt i 1992 ISBN 82-91091-18-8
  • N.N Ringdal Ei Bygd opplever krigen utgitt første gang i 1949

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]