Kvann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvann


Status i Noreg: LC Livskraftig

Blomstrande kvann
Blomstrande kvann

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Angelica

Linné

Art: A. archangelica
Vitskapleg namn
Angelica archangelica

Kvann eller kvanne (Angelica archangelica) er ein plante i skjermplantefamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Strandkvanna (subsp. litoralis) vert opptil ein meter høg, fjellkvanna (subsp. archangelica) kan verte mannshøg. Stengelen er hol og snau, med grovt sagtakka småblad. Kvanna blomtrar i juli med stor blomsterstand med talrike blomstrar med grønkvite kronblad. Heile planten har sterk lukt. Han skil seg frå sløkje (A. sylvesteris) ved at sistnemnde har finare sagtakking på blada, mindre lukt og ei djup renne i bladskaftet. Vidare er toppen av blomsterstanden på kvanna kulerund; blomsterstanden til sløkja er meir flattrykt.

Kvann veks på fuktig mold og ved bekkar i fjellet, i Noreg opp til 1600 moh, frå Setesdalen til Finnmark. I Sverige veks ho frå Dalarna til Torne Lappmark.

Bladrosett på ung kvannplante

Dei første åra etter frøspiringa utviklar planten ein bladrosett; rotstokken står loddrett, men strekkjer seg ikkje, slik at blada vert nede ved marka. Blada kan verte store, halvmeteren eller meir. Det er i denne tilstanden planten har dialektnamnet kvann. Når rotstokken etter nokre år har samla tilstrekkeleg med næring, skyt han ein vår i veret, blomstrar og dannar frukt. Dette året dannar han berre småblad, elles lever han på oppsamla næring. Etter frøsetjinga døyr planten. I denne blomstrande tilstanden vert han i dialektane kalla jol, sløyk eller sløkje. Desse dialektnamna kan gje grunnlag for forveksling med A. sylvesteris.

Bruk av planten[endre | endre wikiteksten]

Fjellkvann har vore bruka som grønsaksplante. Dei friske bladstilkane har vorte etne rå eller kokte. På unge stenglar på plantar som set blomstrar, kan det innerste laget i dei hole stenglane, som er delikat lysgrønt og sprøtt, flekkjast av og etast. Etter blomstring vert stengelkjøtet beiskare.

Når ein kuttar av stengelen på ein ung kvannjol, drep ein planten. Hard hausting av kvannjol i eldre tider førte mange stader til kraftig desiminering av bestanden.

Kannrota har vorte tørka og malen opp for innblanding i mjøl. Blada har vore tørka for å brukast som erstatning for røykjetobakk.

Mange plantar i skjermplantefamilien er giftige; selsnepe er døydeleg giftig. Det kan vere vanskeleg å skilje artane frå kvarandre!

Kvann som kulturplante[endre | endre wikiteksten]

Mange stader er kvann dyrka på gardane i eigne kvanngardar. Kvanna som vert dyrka, er ein kulturplante som skil seg frå viltvaksande kvann, ved at stilken er meir massiv, og kjøtet er søtare og ikkje så beiskt.

Namna kvann og jol er ikkje sikkert forklart; kanskje er dei ein arv frå eit førgermansk språk som har vore bruka i Noreg i forhistorisk tid. Bruken av planten er då truleg like gammal. Ordet kvann finst òg i eskimoisk, som eit av få norrøne ord Hans Egede fann i språket då han kom til Grønland.

Munkar tok kvannplanten med seg frå Noreg til kloster sør i Europa. Kvannen skal vere den einaste kulturplanten som har gått den vegen. Namnet archangelica skal han ha fått fordi dei sa det var sjølvaste erkeengelen som hadde lært menneska å nytte kvanna.

Kvann har gjeve namn til mange stader i Noreg.

Andre namn[endre | endre wikiteksten]

Eit synonymt vitskapleg namn er Archangelica officinalis (Hoffm.).

Fjellkvanna, A. archangelica subsp. archangelica vert òg kalla subsp. norvegica (Rupr.).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvann