Kvantefeltteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Kvantefeltteori (engelsk QFT, Quantum field theory) er ein fysisk teori som nyttar kvantemekanikk på felt. Kvantefeltteori er grunnlaget for store delar av moderne teoretisk fysikk, særskild innan partikkelfysikk. Han vart utvikla blant anna av Paul Dirac, Vladimir Fock, Wolfgang Pauli, Sin-Itiro Tomonaga, Julian Schwinger, Richard Feynman og Freeman Dyson.

Kvantfeltteorien kombinerer den spesielle relativitetsteorien med kvantemekanikken, ved å tillate skaping og tilinkjesgjering av partiklar, det vil sei overgangar mellom materie (med masse) og energi. Partiklane blir skildra som ladning av felt, og krefter mellom partiklar blir skildra som utveksling av virtuelle partiklar (virtuelle vekselverknadsboson). Dette blir ofte visualisert med feynmandiagram, ein skildringsmåte som vart funnen opp av Richard Feynman.

Standardmodellen i partikkelfysikken er ein spesiell type kvantefeltteori – ein såkalla gaugeteori – som skildrar den fundamentale strukturen hos materien og vekselverknadane til denne. Bruk av kvantefeltteori på elektromagnetiske felt leiar til kvanteelektrodynamikk (QED, quantum electrodynamics) som òg blir nytta innan atomfysikk. Moderne kondensert fase-fysikk brukar kvantefeltteori for å skildre eigenskapar, til dømes for superleiarar. Innanfor kosmologi brukast kvantefeltteori for å skildre eigenskapane til det tidlege universet, til dømes inflasjonsfasen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]