Kvarken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvarken
verdsarv
none  Kvarkenøyane (Finland)
Kvarkenøyane (Finland)
Land Flag of Finland.svg Finland
Verdsarvstad
Namn Höga kusten / Kvarkenøyane
År 2000 (#24)
Nummer 898
Region Mellom-Amerika og Karibia
IUCN kategori VI - Verna naturområde

Kvarken eller Norra Kvarken (finsk Merenkurkku) er eit smalt område som skil Bottenviken frå Bottenhavet. Avstanden frå det svenske til det finske fastlandet er kring 80 km, medan avstanden mellom dei ytste øyane på kvar side berre er kring 25 km. Vassdjupna i Kvarken er berre kring 25 meter. Regionen har òg ei uvanleg høg landheving på kring 1 cm i året.

Norra Kvarken

På den finske sida av Kvarken er det ei stor øygruppe. Dei fleste øyane er små og aude. Øygruppa er mindre på den svenske sida av Kvarken og øyane her har brattare sider. Kvarken er òg historisk viktig, fordi det vart frakta post over Kvarken når havet var isdekt. Postruta vart særleg mykje nytta i perioden under svensk styre av Finland.

På øyane i «midten» var Kvarken, på svensk kalla Valsörarna og på finsk Valassaaret, står eit 36 meter høgt fyr laga av Henry LePaute, som arbeidde for ingeniørbyrået til Gustave Eiffel. Stukturmessig er det store likskapar mellom fyrtårnet (bygd i 1885) og Eiffeltårnet (bygd 1889). Fyret er no automatisert som dei fleste fyra i Finland er.

Koordinatar: 63°30′N 21°0′E

Verdsarv[endre | endre wikiteksten]

I 2006 vart Kvarkenøyane lagt til verdsarvstaden Höga kusten (som dekkjer vestsida av Bottenviken og Kvarken) i Sverige, sidan området er eit «typeområde» for forsking på isostasi, landheving. Fenomenet vart først oppdaga og studert her. [1] Most of the World Heritage Site is situated in the Korsholm municipality.

Bru[endre | endre wikiteksten]

Det har vore gjort forslag om å byggje ei bru over sundet, til ein kostnad på kring 1,5 til 2 milliardar euro. Det er mange øyar i sundet og den samla lengda på det som truleg kan verte tre øyar er kring 40 km. Den svenske fiansministeren har vist interesse for ideen, men prosjektet er framleis på eit særs tidleg planleggingsstadium. Foreløpig meiner både svenske og finske styresmakter at det er for dyrt, i tillegg til at ei bru kan gå utover naturverdien i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvarken