Kvartær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvartærtida eller berre kvartær har vore ei nemning på dei siste om lag 2 millonar åra i tidsrekninga vår, rekna etter geologisk tidsskala. I 2004 avgjorde International Commission on Stratigraphy at inndelinga av jordas nytid (kenozoikum) i tertiær og kvartær skulle erstattast med inndelinga paleogen og neogen. Dette er derimot omstridd og fleire geologar har sagt seg ueinige i avgjersla om den nye inndelinga.[1]

Pleistocen og holocen inngår no som to av fire geologiske epokar i neogen. Grunnen til å slutta med kvartær som periode, er at starttidspunktet ikkje kunne definerast klart. Den klimatiske desisjonen lét seg ikkje sameina med grensene for dei stratigrafisk definerte epokane. Tida var fyrst og fremst prega av stadig nye, store nedisingarden nordlege halvkula, og framvoksteren av den moderne mennesket.

Grensa mellom tertiær og kvartær har vore noko ulikt plassert, men er ofte blitt sett til 2,5 millionar år før notida. På den tida fann dei første istidene stad, med store kontinentale isskjold på mildare breiddegrader (45°–70°N). Temperaturen i verdshava sokk, og det skjedde store endringar i både marine og kontinentale økosystem.

Kvartærtida har vore prega av ei rekke istider (30–40) med mellomliggjande mellomistider. Avstanden mellom istidene har gjennomsnittleg vore ca. 100 000 år. Sidan jorda har vore ein isfri planet gjennom det meste av historia si, har kvartærtida vore ein særskild tilstand.

Kvartærgeologi er namnet på faget som studerer prosessane som forma jordoverflata under kvartærtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kenozoikum
Paleogen Neogen Kvartær
Neogen
Kvartær
Pliocen Pleistocen Holocen
← Neogen | Gelasium Tidleg | Mellom | Sein