Kvasar
Kvasarar (frå QSRS, forkorting på engelsk for quasistellar radio source, 'kvasi-stellar radiokjelda') er den mest lyssterke kategorien av aktive galaksekjernar[2], og nokre av dei kan senda ut stråling tilsvarande 10 milliardar soler.[3] Kvasarar skyldast truleg at supermassive svarte hòl i galaksekjernane trekk til seg store mengder av materie i form av gass og stjerner.[3] Intens stråling blir frigjeven når denne materien fell ned i det svarte hòlet.[3]
Kvasarar er nokre av dei fjernaste objekta i universet og har difor høg raudforskyving.[4] Ein av dei næraste kvasarane er 3C 273, som med ein lysstyrke på 12,8 magnitude er synleg som ei stjerna i moderate amatørteleskop.[4] Med ein avstand på rundt to milliardar lysår er kvasaren det fjernaste objektet som kan observerast av amatørastronomar.[4]
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- ↑ «Odd Couple Widely Separated by Time and Space» - Hubble-pressemelding i samband med teleskopet sitt bilete av dei to objekta Mrk 205 og NGC 4319.
- ↑ Teke frå artikkelen «quasar» s. 327-328 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Quasar host galaxies» - sida om kvasarar på heimesida til Hubble.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Frå oppslagsordet «kvasar» i ordlista på heimesida til Institutt for teoretisk astrofysikk.
|
|
||
|---|---|---|
| Morfologi | Elliptisk galakse · Linseforma galakse · Spiralgalakse · Stavspiralgalakse · Irregulær galakse · Dverggalakse · Ringgalakse | |
| Struktur | Supermassivt svart hòl · Bolning · Stav · Disk · Spiralarm · Galaksehalo · Mørk materie-halo | |
| Aktive galaksekjernar | Relativistisk jet · LINER · Radiogalakse · Seyfert-galakse · BL Lacertae-objekt · Blazar · Kvasar | |
| Vekselverknad | Stjernestraum · Vekselverkande galakse · Galakse med eksplosiv stjernedanning · Satellittgalakse · Galaksehop · Superhop | |
| Lister | Næraste | |