Kvasibiennal oscillasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den kvasibiennale oscillasjonen (kvasi-toårig svinging eller på engelsk quasi-biennial oscillation (QBO)) er ein kvasiperiodisk oscillasjon i det sonale vindmønsteret i stratosfæren over ekvator. Svinginga har ein periode på om lag 28-29 månadar. Det skiftande vindmønsteret utviklar seg i toppen av den lågare stratosfæren og forplantar seg nedover med om lag 1 km per månad før det løyser seg opp ved den tropiske tropopausen. Den nedoverretta rørsla av austavinden oppstår sjeldnare enn med vestavinden. Amplituden på den austlege fasen er om lag to gonger så stor som amplituden til den vestlege fasen. På toppen av det vertikale QBO-området dominerer austavinden, medan ein i botn av dette området har større sannsyn for å få vestavind.

Teori[endre | endre wikiteksten]

Den kvasibiennale oscillasjonen blei oppdaga på 1950-talet, men årsaka til at han oppstod tok litt tid å finne ut av. Radiosondeoppstigningar viste at fasen ikkje hang saman med den årlege syklusen, som er tilfelle for alle andre stratosfæriske sirkulasjonar. På 1970-talet oppdaga ein at den periodiske reverseringa av vindmønsteret er driven av atmosfæriske bølgjer som forplantar seg oppover frå den tropiske troposfæren og løyser seg opp i stratosfæren ved strålingsavkjøling. Opphavet til desse bølgjene vart derimot mykje diskutert, men i dei siste åra er ein stort sett einige om at tyngdebølgjer har ein stor innverknad.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Konsekvensar av den kvasibiennale oscillasjonen er mellom anna ein sekundær sirkulasjon som blandar stratosfærisk ozon. I tillegg påverkar han monsunnedbøren og den stratosfæriske sirkulasjonen på den nordlege halvkula om vinteren (brå stratosfærisk oppvarming)

Observasjonar ved hjelp av vêrballongar[endre | endre wikiteksten]

Freie Universität Berlin har eit datasett frå radiosondeobservasjonar frå Kanton Island i Stillehavet, Maldivane og Singapore. Dette blei brukt til å lage denne figuren på 1980-talet.

Tid–høgde plott av ekvatorial sonal vind i m/s mellom 20 og 35 km over havnivå i løpet av ein tiårsperiode. Austavinden er skuggelagt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Andrews, D.G., J.R. Holton, and C.B. Leovy, 1987: Middle Atmosphere Dynamics. Academic Press, 489pp.
  • Baldwin, M.P. et al., 2001: The Quasi-Biennial Oscillation. Rev. Geophys., 39, 179–229.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]