Kveiteøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysk Weißbier

Kveiteøl er ein type øl som hovudsakleg er bryggakveite. Det er òg vanleg at kveiteøl inneheld byggmalt. Når ein tilset kveite får ølet ein mildare smak og lysare farge. Kveiteøl er vanlegvis overgjæra (i Tyskland er dette lovpålagt[1]). Kveiteøl har ein kremaktig struktur og ein søt smak, og enkelte sortar har hint av banan og nellik. Kveiteøl har oftast ein alkoholprosent på mellom 5 og 5,5 %.

I dag er Tyskland leiande i produksjonen av kveiteøl, men òg Belgia har tradisjon for kveiteøl. I nyare tid har kveiteøl vorte populært i USA, særleg på Vestkysten. Òg norske bryggeri har i seinare år byrja å framstille kveiteøl.

Dei aller fleste kveiteøl er overgjæra og ikkje filtrert. Dei har derfor botnfall, og tappa i glas får det ein blakk og lys farge. Kveiten gjev ein generelt lysare farge enn bygg.

I Tyskland og fleire andre land nyttar namnet på kveiteøl gjerne adjektivet «kvit» (weissbier, witbier). Opphavet til karakteristikken er usikker, men han kan stamme frå den tida då undergjæra øltypar byrja å ta over markedet på 1800-talet, og «kvitt øl» dermed vart ei nemning på alt overgjæra øl - overgjæring gjev eit kvitare skum enn undergjæring. Ein annan forklaring er at weiss er ein sørtysk dialektform av Weizen (kveite).

Ettergjæring[endre | endre wikiteksten]

Det mest tradisjonelle kveiteølet får ettergjæring på flaske med same gjærstamme som hovudgjæringa (overgjæring), slik at det dannar seg ein ring av skum og avfallsstoff i flaskehalsen. Ein del større bryggeri som framstiller øl for eit stort marked, filtrerer ølet før tapping på flaske og tilset ein undergjærande stamme for ettergjæringa. Dermed unngår ein skum på flaskene. Ettergjæringa skjer over lengre tid ved ein lågare temperatur, ølet toler lengre lagring og det vert utvikla meir kolsyre.

Fordi overgjæra øl normalt har kort haldbarheit, er det ganske vanleg å pasteurisere ølet når ettergjæringa er ferdig. Dermed vert ein del smaksstoff og næringsstoff øydelagd. Eit alternativ til full pasteurisering er å ettergjære på tank og filtrere vekk gjæren. Deretter vert gjæren desinfisert, før noko av han vert ført tilbake til ølet før tapping. På den måten oppnår ein eit øl som held seg godt, som i smak og næringsinnhald svarar til eit tradisjonelt kveiteøl.

Kveiteøl i ulike land[endre | endre wikiteksten]

Kristallweizen til venstre, hefeweizen til høgre.

I Tyskland skil ein mellom dei uklare hefeweizen («gjærkveite») og kristallweizen, som er eit lyst, helt klårt kveiteøl som er filtrert. Sør-Tyskland (Bayern og Baden-Württemberg) er kjerneområdet for weissbier i Tyskland, men frå Berlin kjem det kjende Berliner Weisse. Hefeweizen er som oftast lyse, men det finst òg mørke typar - heilt ned til schwarze Weisse. Berliner Weisse har låg alkoholstyrke; vanlege weissbier har middels styrke, medan nokre av dei mørke kan vere ganske sterke.

I Belgia vert det brygga øl med umalta kveite; desse vert kalla witbier eller bière blanche. Eit særtrekk for desse er at dei som regel er krydra, ofte med koriander og appelsinskall. Òg det kjende lambic inneheld ein viss prosent umalta kveite.

Servering[endre | endre wikiteksten]

Kveiteøl vert i Tyskland servert i høge, slanke, svungne glas for at kolsyreboblene skal ha ein lang veg opp til overflata og halde ølet friskt og sprudlande. Glasa vert skylt i kaldt vatn før tapping for å redusere skumdanninga. Weissbier gjeld som eit typisk sommerøl, og vert servert kaldt. Kristallweizen vert servert ved 7-8 °C; hefeweizen ved 8-10 °C. Sterkare, mørke sortar bør vere noko meir temperert.

Mange stader vert weissbier servert med ei skive sitron. Skikken er omstridt hos ølkjennarar - enkelte meiner at det er ein leivning frå tida då det gjaldt å kamuflere smaken på eit dårleg øl.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Eric Warner, German Wheat Beer. Boulder, CO: Brewers Publications, 1992. ISBN 978-0-937381-34-2