Kvelertak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om bandet. For nakkegrepet, sjå kvelartak.
Kvelertak
KvelertakCopenhell2011.jpg
Kvelertak, Copenhell København, 2011
Opphav Flagget til Noreg Stavanger, Noreg
Sjanger Hardcore punk
Black metal
Heavy metal
Aktive år 2007–no
Medlemmer
Erlend Hjelvik
Bjarte Lund Rolland
Maciek Ofstad
Vidar Landa
Kjetil Gjermundrød
Marvin Nygaard
Vokalist Erlend Hjelvik, Sonisphere Festival Stockholm, 2011

Kvelertak er eit norsk hardcore/metal-band frå Stavanger. Stilmessig spelar bandet ei blanding mellom ulike sjangrar, hovudsakleg hardcore punk med black metal-element. Bandet kallar sjølv musikken sin «necro 'n' roll», og har berre norske tekstar. Bandet starta opp i 2007, og starta karrieren sin for alvor på NRK Urørt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I februar 2009 spelte Kvelertak på by:Larm, som sikra dei ein konsertplass på Roskildefestivalen sommaren etter, der dei spelte føre 3 000 tilskodarar.[1] Kvelertak vart omtalt som årets «snakkis» i by:Larm-avisa, og fekk mykje skryt av Ruben Gran frå Lydverket. I veke 9 vart Kvelertak valt ut til vekas Urørt. Kvelertak var ein av finalistane i Zoom Urørt-finalen i februar og kvalifiserte seg til årets Urørt 2010, samtidig som dei vart booka til Øyafestivalen.[2]

Mot slutten av året signerte Kvelertak med plateselskapet Indie Records.[1] Bandet fekk derimot ikkje gjennombrotet sitt i Noreg før dei vart nominert til årets Urørt 2010 med songen «Ordsmedar av rang» i desember 2009. Kvelertak kom på andreplass i kåringa som vart halde i januar 2010[3], men sikra seg likevel meir merksemd og ros. I ettertid fortsette «Ordsmedar av rang», og seinare òg «Mjød», å bli spelt jamleg på radio. I mai 2010 gav Kvelertak ut den første plata si, singelen «Mjød» som digital nedlasting, i tillegg til musikkvideo av songen. Singelen vart to veker på rad kåra til «Single of the Week» (vekas singel) av BBC.[4]

21. juni 2010 vart sjølvtitulerte debutalbumet lansert, og mottok strålende kritikkar.[5] For albumet vann dei klassane rock og årets nykommar under Spellemannprisen 2010. Sommaren 2010 vart Kvelertak booka til fleire norske festivalar og drog på den første Europaturnéen sin med Converge, Kylesa og Gaza.[6]

19. februar 2011 mottok Kvelertak Statoil-stipendet på éin million kroner under by:Larm. Stipendet har som føremål å gje norske artistar større høve til å marknadsføre og markere seg internasjonalt.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kvelertak på MySpace: «Official Biography», publisert 20.6.2010
  2. groove.no: «Intervju: Kvelertak», publisert 21.6.2010
  3. «The Pink Robots er årets Urørt», publisert 22. januar 2010
  4. VG Nett: «Kvelertak på BBC», publisert 11.6.2010
  5. «Strålende kritikker for debutalbum», publisert 22.6.2010
  6. «European Tour With Converge, Kylesa and Gaza Announced», publisert 15.5.2010
  7. VG Nett: «Kvelertak vant én million kroner», publisert 19.2.2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]