Kvenvær kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også tettstaden Kvenvær.
Kommunegrensene som delte dei fire Hitra-kommunane fram til 31.12.1963.

Kvenvær er ein tidlegare kommune på øya Hitra i Sør-Trøndelag. Kommunen var ein del av Hitra formannskapsdistrikt då dette blei oppretta i 1837, og som då omfatta dei noverande Hitra kommune og Frøya kommune. 1. januar 1877 blei Frøya utskild som eigen kommune. Kvenvær blei skild ut frå Hitra 1. januar 1913. Kvenvær hadde då 1.157 innbyggjarar.

1. januar 1964 blei Kvenvær slått saman med Fillan kommune, Hitra kommune og Sandstad kommune til den nye Hitra kommune. Kvenvær hadde ved samanslåinga 840 innbyggjarar.