Kvernaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvernaland
Geografi
Kommune Klepp
Fylke Rogaland
Folkemengd[1] 6 707 (2012)
Folketettleik 1 702,3 /km²
Areal[1] 3,94 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 505
Jærbanen
Postnummer 4355 KVERNALAND
4353 KLEPP STASJON
Kart
Kvernaland is located in Rogaland
58°46′16″N 5°43′27″EKoordinatar: 58°46′16″N 5°43′27″E

Kvernaland er ein tettstad i grenseområdet mellom Time og Klepp kommune i Rogaland fylke. Tettstaden ligg ved nordenden av Frøylandsvatnet. Riksvei 505 går langs Frøylandvatnet gjennom heile Kvernaland. Dessutan har Jærbanen eit stopp på Øksnevadporten. Staden har 6 707 innbyggjarar (2012). Av desse er 3500 i Klepp (2008). Tettstaden er kjend for føretaket Kverneland Group, som produserer ymse reiskap for landbruket. Kverneland er ei tidlegare staving av stadnamnet.

Namnediskusjon[endre | endre wikiteksten]

Det har vort mykje diskusjon rundt namnevalet Kvernaland. Det har vore to diskusjonar:

  1. Kva skrivemåte som skal nyttast. Kverneland med e eller Kvernaland med a.
  2. Kva namn bør tettstaden ha: Kvernaland eller Frøyland.

Årsaka til diskusjonen er truleg at Kvernelands fabrikk (i dag Kverneland Group), som blei etablert på Kvernaland av Ole Gabriel Kverneland, hadde eit postkontor som gjorde at postadressa blei Kverneland. Bygdehistorikarar seier at: «Fabrikken og folka som dreiv han fram gjorde så mykje av seg at namnet «Kvernaland» pressa tilbake det eldgamle og tradisjonsrike namnet «Frøyland».»[2]

Postadressa i dag er Kvernaland. Årsaka til at Kvernaland blei «konstruert» som namn på tettstaden var for å ta vare på den gamle lokale uttalen av Kvernaland, nemleg «Kvednaland». Dette er truleg det nærmast ein kjem den gamle uttalen etter retningslinjene i Lov om stadnamn frå 1990 og medfølgande forskrifter: Forskrift om skrivemåten for stadnamn.

Kverneland er kan vera eit resultat av danske embetsmenn sin skrivemåte av «Kvednaland». Fyrste gong garden Kvernaland blei nemnt i skriftlege kjelder var i 1567 og då var skrivemåten «Quenneland».[3]

I dag er den lokale uttalen av namnet «Kverneland». Verken «Kvernaland» eller «Kvednaland» er i aktiv bruk i daglegtalen. Familienamnet eller slekstnamnet er Kverneland.

Frøyland[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg låg tettstaden godt innanfor grensene til matrikkelgarden Frøyland. Men litt etter litt voks tettstaden over til grannegardane og over kommunegrensa til Orstad[4]. Frøylandsgarden utgjer den største delen av arealet på tettstaden, og det er her alle sentrale funksjonar på staden er plassert (skule, barnehagar, butikkar, postkontor osv). Skulekrinsen heiter Frøyland og består av Frøyland skule og Frøyland ungdomsskule. Vidare har idrettslaget og idrettsbanen fått namnet Frøyland idrettslag og Frøyland stadion, og bedehuset heiter Frøyland forsamlingshus. (Men samfunnhuset heiter Samfunnhuset BA Kvernaland, innebandyklubben heiter Kverneland Innebandy klubb og det er Kverneland Røde Kors.)

Det var også ved Frøylandsåna på Frøyland at Ole Gabriel Kverneland etablerte si første smie som blei opptakten til O.G. Kvernelands Fabrik. I dag er den opphavlege smia eit museum. Sidan voks verksemda og flytte til Øksnevad ca 1 km lenger nord over i Klepp kommune.

Orstad[endre | endre wikiteksten]

Kvernaland grensar til og har vakse saman med Orstad i Klepp. Her finst bl.a Orstad skule (felles barne- og ungdomsskule) og Orstad idrettslag og idrettsanlegg. Orstad ligg nord for Frøyland.

Kvernaland fekk eiga kyrkje, Frøyland og Orstad kyrkje, i desember 2008. Frøyland og Orstad kyrkjelyd er den fyrste kyrkjelyden innan den norske kyrkja som utgjer eit eige sokn på tvers av kommunegrenser.

Øksnevad[endre | endre wikiteksten]

Rett ved Orstad, på andre sida av riksveg 505, ligg hovudkontoret til Kverneland Group. Dessutan ligg togholdeplassen Øksnavadporten her, som er ein av togholdeplassane langs Jærbanen.

Kvernaland[endre | endre wikiteksten]

Sør for Frøyland ligg matrikkelgarden Kvernaland. Her ligg verksemda TKS som produserer løfteutstyr for landbruk og industri.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. Lindanger & Waula 2003, s. 207
  3. Lindanger & Waula 2003, s. 168
  4. Lindanger & Waula 2003, s. 207

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]