Kvige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvige frå vestlandsk fjordfe.

Kvige (frå norrønt kvíga) er eit hokjønna storfedyr som er eldre enn eitt år, og som ikkje har kalva enno.[1] Nokre stader blir ungkyr kalla kviger fram til andre kalving.[2]

Irish moiled-kvige som slikkar seg.

Eit kjenneteikn på ei kvige er at jur er lite utvikla og knapt synleg. Juret utviklar seg i vekene føre kalvinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kvige» i Nynorskordboka.
  2. «kvige» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.