Kvikk Lunsj
Kvikk Lunsj er produktnamnet for ein kjekssjokolade som blei lansert av søtsakprodusenten Freia i 1938 og har vore i sal sidan den gong. Kvikk Lunsj blir i dag produsert av Kraft Foods, og selt i Noreg, Sverige og Danmark.
Sjokoladen består av fire avlange kjeksbitar omgitt av sjokolade. Mellom kjeksbitane er sjokoladelaget tynnare slik at det er lettare å dele sjokoladen. Kvikk Lunsj likner mykje på Kit Kat, ein sjokolade som blei laga for den britiske marknaden av Rowntree Limited frå 1935.
Kvikk Lunsj er i reklame lenge blitt framstilt som ein «tursjokolade», og mange assosierer den med skiturar, spesielt i påskeferien, der sjokoladen ofte blir brukt som energigjevande niste. I løpet av eitt år eter kvar nordmann i gjennomsnitt ni Kvikk Lunsj-sjokoladar. Tre av desse blir etne i løpet av påska.