Kvikne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvikne er ei fjellbygd på grensa mellom Hedmark og Trøndelag fylke. Bygda var før 1964 eigen kommune, men vart i 1966 delt mellom dei to fylka. Kvikne hovudbygd er no ein del av Tynset kommune i Nord-Østerdal.

Næringsvegen er jordbruk. Kvikne ligg langsmed øvste delen av Orkla, eit av hovudvassdraga i Trøndelag, var frå gamalt ei rein trøndersk bygd. Gruvedrift frå 1630 til 1812. Neddemminga av Innerdalen kring 1980 førte til stor strid mot vasskraftutbygging. Senteret for Forrolhogna nasjonalpark ligg i dag på Vollan i Kvikne, ein gard med minne frå katolisisme. Filmen Secondløitnanten vart innspela der. Ein annan gard med gamle minne er den tidlegare prestegarden Skogstad, som etter at Christian IV overnatta der vart kalla «kongsgarden» og administrasjonssenter for Kvikne koparverk.

Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd på Bjørgan prestegard i 1832. Kyrkja har interiør frå 1700-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

O.T. Hagen: Kvikne, ei bygdebok, to band, 1951-52.