Kvinesdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinesdal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Kvinesdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister og Mandal
Fellesråd Kvinesdal
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Material Tre
Innvigd 1837
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 500
Kart
Kvinesdal kyrkje
58°19′01″N 6°57′35″E / 58.316883°N 6.95975306°E / 58.316883; 6.95975306
Wikimedia Commons: Kvinesdal kirke

Kvinesdal kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1837 på Liknes i Kvinesdal kommune i Agder fylke. Bygget er i tre og har 500 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Hans Ditlev Franciscus von Linstow, [1] og ingeniørløytnant Georg Johnson.[2]

Ho har altertavle av Marcelius Førland frå 1937. Ein modell av eit fullrigga skip frå 1814 høyrer til kyrkja. Sitjeplassane i kyrkja blei fordelte etter gardsbruk der dei største gardane fekk dei beste plassane, medan jordlause brukte dei frie plassane på «trevet». Stoldelinga frå 1857 blei godkjent av stiftsdireksjonen i Kristiansand og ordninga blei oppheva i 1885.[2]

Kyrkja ligg i Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme.[1] Ein kjem til kyrkja frå Rv465 og E39.

Planlegging og bygging[endre | endre wikiteksten]

Då det i 1831 var klart at den gamle kyrkje trengte avløysing kravde departementet teikning av nytt bygg. Ingeniørløytnant Georg Johnson i Kristiansand teikna eit utkast som departementet la fram for Linstow som først etter to år kom med nytt utkast. Linstows teikning skilte seg lite frå Johnsons. Linstows teikning er tapt. Kyrkjelyden fekk ei åttekanta kyrkja som dei ønskte mellom anna fordi dei meinte at åttekantform ikkje kravde så grove stokkar. Tømmer til ny kyrkje blei teken i Narvestad-skogen. Kostnaden ved ny kyrkje skulle fordelast på bøndene i soknet etter matrikkelskyld, bidraget til nybygget var dels i form av pliktarbeid. Arbeidsfolket følgde ikkje heilt teikningane frå Linstow og bygde dels etter eige hovud trass i at sokneprest Saxe inspiserte arbeidet dagleg. Kyrkja blei innvigd 2. desember 1837 sjølv om den ikkje var heilt ferdig. Utgiftene kom til saman på 3096 specidaler. Til bygginga fekk kyrkjelyden 100 specidaler i tilskot frå Opplysningsvesenets fond og 500 specidaler i lån. I 1841 blei det notert at bygget var forsynt med kvit oljemåling.[2]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden Liknes med Kvinesdal kyrkje fotografert frå lufta

Likens har truleg vore kyrkjestad sidan mellomalderen og kyrkja blei då kalla Liknes. Den første kyrkja i Kvinesdal skal etter tradisjonen ha stått på Egeland. Feda kyrkje er nemnt i 1302 og Liknes i 1322. Namnet Liknes, opphavleg Leiknes - ein stad der folk samla seg til hesteskeid og andre tevlingar, og Liknes er truleg eit gamal samlingsstad i bygda. I 1623 reiste sokneprest Jørgen Thomassen ny kyrkje på Liknes, inventarlista for denne kyrkje er kjent. Dette bygget skal ha vore av tømmer med panelkledning og takstein, og innvendig skal den dels ha vore rosemåla. Den hadde truleg fasong som langkyrkje. I 1695 blei bygget omtala som «meget brøstfeldig», sprekker mellom kor og skip førte til snøfokk på dei fremste stolane. Kyrkja hadde truleg «pulpitur», innebygde galleri med stolar. I 1710 fekk den nytt tårn der det var to klokker. I 1726 blei glasrutene i vindauga reparert. Kor og tårn var tilbygg til bygningskroppen. I 1723 selde kongen kyrkja til allmugen i Kvinesdal for 1600 riksdalar, inkludert Eiken kyrkje som seinare blei seld vidare til Eikedølene for 100 riksdalar. Med på kjøpet følgde også jordegods og tiend mot at kjøparen heldt bygget ved like. Kjøparane selde i 1727 jordegodset til leiglendingane for å finansiere kjøpet. På 1700-tallet blir kyrkja omtalt som den stadig meir forfallen, og dessutan for lita for den veksande folkesetnaden. I 1827 blei søknad om å bygge på kyrkja avslått. Den gamle kyrkja blei riven 24. april 1837. Eit nordtysk krusifiks frå kring 1500 blei seld til private da kyrkja blei tatt ned.[2]

Etter svartedauden og befolkningsnedgangen blei Feda, Hægebostad og Eiken lagt til Liknes sokn under namnet Kvinesdal prestegjeld. Reisene rundt i prestegjeldet var tungvinte for presten. Dette blei betre frå 1742 då det blei fastbuande kapellan i Hægebostad. Prestegjeldet blei delt i 1760. I 1841 ble Fjotland på ny slått saman med Nedre Kvinesdal, i 1858 ble Fjotland skilt ut som eigen kommune og prestegjeld. I 1963 blei på ny Feda, Kvinesdal og Fjotland slått saman til ein kommune.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kvinesdal kirke». Kyrkjesøk. Henta 22. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Kvinesdal kirke 150 år: 1837-1987. Kvinesdal menighetsråd. 1987. ISBN 8299159709. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvinesdal kyrkje