Kvite Drin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvite Drin
Kvite Drin
Kvite Drin
Utspring Fjellet Žljeb, nord for Peć i Kosovo
Munning Flyt saman med Svart Drin ved Kukës i Albania og dannar Drin
Land i nedslagsfelt Kosovo, Albania
Lengd 175 km
Middelvassføring 56 m³/s
Nedslagsfelt 4 964 km²
Sideelvar 11 stk
Renn gjennom Kukës

Kvite Drin (albansk: Drini i Bardhë; serbisk: Beli Drim, kyrillisk: Бели Дрим) er ei elv som renn frå Kosovo og gjennom nordlege delar av Albania, før ho etter 175 km flyt i saman med Svarte Drin og dannar elva Drin som renn ut i Adriaterhavet. Like ved utgangspunktet fell elva ned ein 25 meter høg foss, nær landsbyen Radovac.

Kvite Drin renn først austover, nær kurbadet Pećka banja og landsbyane Banjica, Trbuhovac og Zlokućane der ho møter elva Istočka frå venstre og så snur sørover. Resten av elveløpet går gjennom det frodige og tett folkesette sentralområdet i Metohija (Podrima-regionen), men det er merkeleg nok ingen større busetnadar nær sjølve elva. Dei største byane er fleire kilometer unna (Peć, Đakovica, Prizren) medan nokre mindre byar (Klina) og større landsbyar (Velika Kruša, Đonaj) ligg litt nærare.

Brua «Ura e Fshejte» over Kvite Drin.

Kvite Drin har relativt lange sideelvar: Pećka Bistrica, Dečanska Bistrica, Prue potok og Erenik frå høgre; Istočka, Klina, Miruša, Rimnik, Topluga og Prizrenska Bistrica frå venstre.

Kosovar-delen av Kvite Drin sitt nedslagsfelt er 4 360 km². Fleire av sideelvene vert brukt til vassverk for dei større byane i nærleiken, som vatning og straumproduksjon (særleg sideelvene til høgre). Ved Vrbnica-Shalqin kryssar elva grensa til det austlege Albania og regionen Trektan.

Trektan[endre | endre wikiteksten]

Den albanske delen av elva er berre 19 km lang med eit nedslagsfelt på 604 km². Det er ingen busetnadar nær elva, og ho har Lumë som sideelv frå venstre (som òg har sitt utspring i Metohija frå fleire elvar i Gora-regionen). Til slutt når Kvite Drin byen Kukës der ho flyt saman med Svarte Drin og dannar elva Drin, som renn ut i Adriaterhavet. Det er ikkje mogeleg med transport på elva.

Heile den albanske delen (og noko av den kosoviske) er dekt av ein kunstig innsjø med namn Fierza.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6