Kviterussisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kviterussisk
(беларуская мова, belaruskaja mova)
Klassifisering: Indo-europeisk
 Slavisk
  Austslavisk
   Kviteussisk
Talarar: kviterussarar
Bruk
Tala i: Kviterussland og Polen
Kviterussisktalande i alt: 9 000 000[1]
Skriftsystem: Kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i: Kviterussland og 12 kommunar i Podlaise-vovoidskapet i Polen
Normert av: Det kviterussiske vitskapsakademiet
Språkkodar
ISO 639-1: be
ISO 639-2: bel
ISO 639-3: bel

Kviterussisk er språket til den kviterussiske nasjonen. Det er eitt av dei tre austslaviske språka, og blir tala i og rundt Kviterussland (Belarus).

Det moderne kviterussiske språket har utvikla seg monaleg sidan det oppstod som ein versjon av ruthenisk. Denne varianten var offisielt språk i storhertugdømmet Litauen til 1696, og blir kalla gammalkviterussisk. Den første bibelen prenta på eit austslavisk språk var visstnok på gammalkviterussisk.

Etter stordomstida på 1500-talet, gjekk krigane på 1600-talet og følgjene av dei mykje ut over den kviterussiske folkesetnaden. Dei attverande utdanna menneska vart tiltrekte av polsk kultur, overklassen tala etter kvart berre polsk, og i 1696 vart polsk offisielt språk i området. Men kviterussisk vart framleis tala av bøndene og somme frå adelen som ønskte å vise sympati med vanlege folk.

Etter delingane av Polen i andre halvdelen av 1700-talet vart Kviterussland ein del av Tsar-Russland. Folk i Kviterussland kjenner seg nært i slekt med Russland, om dei ikkje ser seg sjølve som russarar, rett og slett.

I folketeljinga i 1897 viste det seg at berre 7,3 prosent av innbyggjarane i byar med meir enn 50 000 menneske sa at kviterussisk var morsmålet deira. Denne stoda gjorde at kviterussisk fekk namn på seg for å vere eit ruralt språk for folk utan utdanning.

1800-talet og førstninga av 1900-talet var det få som skreiv på kviterussisk, da bønder flest var analfabetar og bybuarane bruka russisk, polsk eller jiddisch. Det fanst likevel ei rørsle for å vende tilbake til det kviterussiske språket.

Den 25. mars 1918 utropa kviterussarar ein sjølvstendig nasjonal republikk, men han vart ikkje langvarig. Det offisielle språket i denne skulle vere kviterussisk. I 1918-1919 tok sovjetiske styresmakter over kontrollen og skipa Den kviterussiske sovjetrepublikken. I 1920-åra kom ein kampanje for gjenreising av nasjonale kulturar, og da begynte noko av administrasjonen og ein del juridiske saker å bli utført på kviterussisk, og eit stort tal med bøker vart prenta på kviterussisk av framståande kviterusssiske forfattarar som Yakub Kolas, Yanka Kupala, Zmitrok Biadulia, Maksim Bahdanovich, og andre. Det var aktive ordskifte om korleis språket skulle standardiserast.

Denne prosessen vart stansa og jamvel reversert frå og med 1930-talet. Mange vart skotne eller sende til Sibir. Den ortografiske reforma i 1933 russifiserte stavingsreglane for kviterussisk språk. I 1938 vart russisk obligatorisk i skulane. I 1958 vart foreldra gitt retten til å velje opplæringsmål for barna sine, og etter det begynte stadig fleire å sende ungane sine til russisk-språklege skular, og talet på skular med undervisning i kviterussisk tok til å minke.

Interessa for kviterussisk auka att under perestroikaen på slutten av 1980-talet. I 1990 vart kviterussisk det einaste offisielle språket i Den kviterussiske sovjetrepublikken. Men etter Alexander Lukasjenka vart vald til leiar i Kviterussland har prosessen med å auke bruken av språket stansa opp. I 1995 var det ei folkerøysting som mellom anna gav russisk same status som kviterussisk att. Somme hevdar at det er ein russifiseringsprosess i landet.

Det største senteret for kviterussisk kultur og språk utanfor Kviterussland er den polske provinsen Bialystok, som har ein etablert kviterussisk minoritet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediakviterussisk

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediakviterussisk (tarashkevitsa)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.