Kvithalsflekkskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvithalsflekkskarv
Kvithalsflekkskarv, frå Auckland Zoo Foto: Wikipedia-brukar HButt
Kvithalsflekkskarv, frå Auckland Zoo
Foto: Wikipedia-brukar HButt
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: Kvithalsflekkskarv P. punctatus
Vitskapleg namn
Phalacrocorax punctatus

Kvithalsflekkskarv (Phalacrocorax punctatus) er ein medlem av skarvfamilien og endemisk for New Zealand.

Kvithalsflekkskarvar er ca. 70 centimeter i gjennomsnittleg lengd og veg om lag 1,2 kilogram. Dei skil seg frå andre typiske skarveartar med slank kroppsform og gjennomgåande lyse farger, der lys brungrått er dominerande farge. Fjørene på rygg og venger har små, markerte svarte flekker. I hekkedrakta har dei framoverbøygd dobbel fjørtopp. Hale, overgump og undergump og området frå tarsen og opp er svart. Dei har ei brei, klår, kvit stripe på kvar side av halsen og opp til oversida av auget. Den nakne huda i andletet er i grønt. Ikkje-hekkedrakta manglar fjørtoppane, undersida blir bleikare og den kvite stripa langs halsen er smalare og utydeleg. Nebbet er alltid brunt og føtene gule. Ungfuglar har bleikare farger i fjørdrakta og manglar heilt den kvite stripa på halsen.

Kvithalsflekkskarv i hekkedrakt
Foto: Wikipedia-brukar Avenue

Kvithalsflekkskarvar hekkar på eit lite utval av stader langs kysten av både Nordøya og Sørøya. Dette inkluderer Haurakigolfen og Wellington Harbour på Nordøya. Dei hekkar dessutan i Marlborough-sundet og sørover kysten til Banks Peninsula. Vidare frå North Otago ned til The Catlins på søraustre hjørne av Sørøya. På vestkysten av Sørøya, i Foveaux-sundet og rundt Stewart Island/Rakiura er hekkeplassane meir spreidde.

Denne skarvarten dannar både små og store koloniar, frå 10 til 700 par, men deler ikkje kolonien med andre skarveartar. Hekketida varierer mykje med hekkelokaliteten, samla sett er det så og seie året rundt. Kvithalsflekkskarvar legg typisk tre egg i kullet, rugetida er i gjennomsnitt 31 dagar og ungane treng ytterlegare mellom 57 og 71, typisk 62 dagar til dei er flygedyktige. Dei kan nå levealder på 10 år.

Utanom hekkesesongen kan dei trekkje over lange strekningar langs kysten for å søkje føde, opp til 500 kilometer er registrert for ein ringmerkt ungfugl. Beitande kvithalsflekkskarvar kan danne flokkar på opp til 2000 individ. Dei beitar på djupt vatn opp til 15 kilometer frå land.

Føda består hovudsakleg av opp til 15 centimeter lange fiskar og marine virvellause dyr, dette inkluderer små sovekutlingar, morider, brisling og blekksprutar. Mest vanleg varer dukka i 30 sekund med pausar på 15 sekund, men dei kan vere under vatn i 70 sekund.

IUCN reknar denne arten som livskraftig.[1] Populasjonen er estimert til 10 000-50 000 hekkande par og er truleg aukande.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012
  2. Heather og Robertson 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]