Kvitkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitkål
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: Kål B. oleracea
Varietet: Hovudkål Brassica oleracea var. capitata
Form: Kvitkål Brassica oleracea var. capitata f. alba

Kvitkål (Brassica oleracea, convar. capitata var. alba) er det vanlegaste kålslaget i Noreg og ein av dei vanlegaste grønsakene å dyrka i verda.[1] Det er også den vanlegaste kåltypen i Noreg.[2]

Omgrept blir ofte brukt synonymt med hovudkål, men kan også brukast for å skilja det frå til dømes raudkål. Kvitkål er ein toårig plante, men blir dyrka som eittårig grønsak.[1] Planten dannar store hovud med blad som sit tett saman og gjerne er lyse, tilmed kvitlege, inni hovudet.[2]

Hovudet kan lagrast lenge etter innhausting, og er dermed ofte tilgjengeleg året rundt.[1]

Kål har vore brukt som lækjemiddel for ei rekkje helseproblem, som betennelsar, fordøyingsproblem og «ureiningar i blodet».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Šamec, Dunja; Pavlović, Iva; Salopek-Sondi, Branka (1. februar 2017). «White cabbage (Brassica oleracea var. capitata f. alba): botanical, phytochemical and pharmacological overview». Phytochemistry Reviews (på engelsk) 16 (1): 117–135. ISSN 1572-980X. doi:10.1007/s11101-016-9454-4. 
  2. 2,0 2,1 «Hodekål, Hvitkål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 3. april 2019 
Spire Denne matartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.