Kvitlauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitlauk


Flickr - cyclonebill - Hvidløg.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Orden: Asparagales
Familie: Amaryllidaceae
Underfamilie: Allioideae
Slekt: Allium
Art: A. sativum
Vitskapleg namn
Allium sativum

Kvitlauk (Allium sativum) er ein fleirårig plante i laukfamilien. Han er ein mykje omtykt mat- og medisinplante som er nært i slekt med kepalauk (vanleg lauk), sjalottlauk, purrelauk og bjørnelauk. Kvitlauk stammar frå Sentral-Asia, men veks ikkje vilt. Ein rekner med at han er blitt dyrka fram, truleg frå arten Allium longicuspis.[1] Lauken til kvitlauk kan brukast som grønsak og krydder. Laukdelen har ofte fleire sidelaukar, kalla fedd eller kløfter, men finst også som heil lauk i varianten kinesisk kvitlauk eller hovudkvitlauk. Ein annan type kvitlauk, elefantkvitlauk, høyrer til ein annan art (Allium ampeloprasum).

Skisse av kvitlauk frå Medical Botany (1793) av William Woodville.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Heile og delvis skrelde kvitlaukar.
Topplauk.

Kvitlauksplanten blir 20-60 cm høg. Han veks frå eit enkelt fedd som kan plantast om hausten i kalde klima; i varme kan han plantast heile året. Planten trivst på ein solrik veksestad med veldrenert, næringsrik jord. Stilkane kan bli lange og tynne og kan byrja krølla seg; desse kan ein klippa av og bruka som vår- eller graslauk. Planten kan danna ein topplauk på stilken som ein klipper av ved dyrking, også denne kan brukast som mat eller medisin. Lauken kan brukast fersk eller plukkast etter blomstring og bladvisning og tørkast. Den ferske kvitlauken har mildare smak enn den som er tørka.

Lauken er kvit eller gulkvit inni og kan ha skal som er heilt kvitt, rosa/lilla eller med striper av desse fargane. På varieteten Allium sativum var. sativum er heile lauken dekt av eit tørt, papiraktig skal; i tillegg kan kvart fedd ha skal. Blada eller stilkane er mjuke og kan brukast til å flette saman fleire kvitlaukar. Denne typen kvitlauk blir somme tider også kalla soft-neck. Slangekvitlauk eller hard-neck (A. s. ophioscorodon) har hardare stilkar som ikkje kan flettast og har ikkje ytterskal rundt heile lauken. Denne lauken har få, store fedd som ligg i ein enkel krans rundt midtstengelen. Hjå soft-neck ligg det fleire små fedd inst.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kvitlauk er mykje brukt innan asiatisk og søreuropeisk matlaging. Kvitlauk kan hakkast, pressast i kvitlaukspresse eller brukast heil. Han kan brukast i supper, sausar og mange andre rettar. Ein kan grilla eller baka heile fedd, eller ein kan bruka kvitlauk til røyking eller sylting.

I folkemedisinen har kvitlauk vore brukt mot vanskar med fordøying, åreforkalkning, forkjøling, orm og som afrodisiakum. I moderne alternativ medisin bruker ein ofte kvitlauk som eit element i antibiotikabehandling. Mange meiner også at kvitlauk styrker immunforsvaret.

Innan populærkulturen er kvitlauk kjend som eit middel mot vampyrar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitlauk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Saulnkhe and Kadam p. 397