Kvitlyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitlyng


Cleaned-Illustration Andromeda polifolia.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Slekt: Andromeda
Art: A. polifolia
Vitskapleg namn
Andromeda polifolia

Kvitlyng (Andromeda polifolia) er ein art i lyngfamilien som har sirkumpolar utbreiing.

Nærbilde av kvitlyng.

Kvitlyng er ein spinkel snau lyng, 2 dm høg. Han har smale tjukke blad som er grøne ovanpå og blåkvite under. Blomstrane har lysraude blomsterskaft og begerflikar. Blomsterknoppen er raud, krona først lysraud og til slutt kvit. Kvitlyng blømer kring juni på myr. Frukta er ein kapsel. Planten er vanleg over heile Noreg, og er blitt funnen opp til 1250 moh.Hardangervidda.

Kvitlyng er svakt giftig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitlyng

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Örjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995