Kvitmaskehegre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitmaskehegre
Kvitmaskehegre i hekkedrakt Foto: Wikimedia-brukar Benjamin444
Kvitmaskehegre i hekkedrakt
Foto: Wikimedia-brukar Benjamin444
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvitmaskehegre
Utbreiinga av kvitmaskehegre
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Slekt: Egretta
Art: Kvitmaskehegre E. novaehollandiae
Vitskapleg namn
Egretta novaehollandiae

Kvitmaskehegre (Egretta novaehollandiae) er ein vassfugl i hegrefamilien som er vanleg over det meste av den australske regionen, Indonesia, og på somme subantarktiske øyar.

Dette er ein relativt liten hegre, bleik, litt blågrå, med gule bein og kvite markeringar i andletet. I utbreiingsområdet kan dei førekomme nesten kvar som helst i nærleiken av grunt vann, både ferskvatn og saltvatn, og sjølv om han lett tar til flukt når han blir forstyrra, beitar han i dammar nær busettingsområde.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Detaljar av andlet og nebb
Foto: Hasitha Tudugalle
I flukt
Foto: JJ Harrison

Dei vaksne kvitmaskehegrane veg vanlegvis rundt 550 gram[1] og varierer frå 60–70 cm i høgd.[2] Dei er bleik blågrå, panna, krona, haka og øvre hals er kvite. Det kvite mønstret på hovudet er varierande, nokre fuglar har kvite område nedover halsen. Denne variasjonen gjer det mogleg å identifisere einskildindivid.[3] Iris kan vere grå, grøn, skittengul eller kanelfarga.[3] Mellom auget og nebbet er han svart. Nebbet er mørkt og ofte bleikgrå ved nebbrota.[3] I løpet av hekkesesongen kan lange, rosabrune eller bronse fjører kome til syne på brystet og framsida av halsen, samt lange, gråblå fjører på ryggen.[4]

Umodne fuglar er bleikare grå og berre halsen er kvit[5] og ofte har dei ei raudleg farge på undersida.[2] Ungane er vanlegvis dekte med grå dun.[3]

Kvitmaskehegrar kviler typisk på gjerdestolpar, i tre, på telefonstolpar og hustak.[5] Flyginga er treig og hoppande.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Kvitmaskehegren lever i Indonesia, over det meste av den australske regionen, inkludert Ny-Guinea, øyane i Torressundet, New Zealand, på somme subantarktiske øyar, og over det mesta av Australia, bortsett frå dei tørraste områda, og i Nordterritoriet hovudsakleg som ein vintergjest.[5] Han er òg vanleg å finne på dei indonesiske øyane Lombok, Flores og Sumbawa,[3] og har vore registrert som streiffugl i Kina,[6] Kokosøyane og Salomonøyane.[7] Kvitmaskehegren spreidde seg til New Zealand på slutten av 1940-talet.[1] Dette er den einaste hegren som er registrert som hekkefugl i Tasmania.[4]

Kvitmaskehegrar er lokalt nomadiske og finst i både fersk og salte våtmarksområde, parkdammar, grassletter og marker, strender, salt marskland, mudderbankar i tidevassområde, og menneskeskapte habitat som golfbanar.[5]

Læte[endre | endre wikiteksten]

Det vanlegaste lætet frå kvitmaskehegrar er ei grusete kvekking eller buldring,[5] graak eller graav vanlegvis i flukt, i lydutvekslingar eller i aggressive møte.[3] Anna læte når fuglar returnerer til reiret er gov, gov, gov.[3] Varsellydar er høge vrank, oooooooooh eller aaarrrgh.[3]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hekkinga føregår generelt i den australske våren, men fuglane kan hekke på andre tidspunkt som respons på regn.[2][8] Hekkelokalitetar er i sørlege Australia, og fuglar spreier seg over lange avstandar på andre tider av året. Kjønna deler på oppgåvene med å byggje reir, ruge egga og ta omsut for ungane.[2] Reiret er forma som ein rotete grunn bolle, bygd av pinnar og vanlegvis plassert på ei grøn grein 5-12 meter over bakken,[5] på høgder opp til over 1000 moh.[8] Eit typisk kull har 3-5 lyseblå egg.[5] Normalt har dei berre eit kull per år.[2] Rugetida er på ca. 25 dagar.[3] Foreldra vaktar ungane i 3-4 veker og ungane kan flyge ca. 40 dagar etter klekking.[3] Typiske reirpredatorar inkluderer kokaburraer, plystreskjorer, kjerrhaukar og ugler.

Beiting[endre | endre wikiteksten]

Kvitmaskehegrar et dei fleste smådyr som lever i vatn[9] og har eit variert kosthald av fisk, froskar, små krypdyr og insekt.[10] Hegrane brukar ei rekkje teknikkar for å finne mat inkludert å stå stille og vente på byttedyrrørsler, sakte vading på grunt vann, slå med vengene, skraping med føtene og jamvel å jage byttedyr med opne venger.[9] Kvitmaskehegrar beitar aleine eller i smågrupper.[3] I hekkesesongen er dei territoriale, men kan beite saman i grupper under utanom hekkesesongen, spesielt etter regn eller flaum.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 nzbirds.com - White-faced heron
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Birds in Backyards - White-faced Heron
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 Kushlan, James Anthony; Hancock, James; Thelwell, David (2005). The Herons. Oxford University Press. s. 170. ISBN 0-19-854981-4. 
  4. 4,0 4,1 McKilligan, Neil (2005). Herons, Egrets and Bitterns. CSIRO Publishing. s. 104. ISBN 0-643-09133-5. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Pizzey, Graham; Knight, Frank (1997). Field Guide to the Birds of Australia. Sydney, Australia: HarperCollinsPublishers. s. 111. ISBN 0-207-18013-X. 
  6. Chen, Xiaolin; Chen, Zhihong; Fang, Wenzhen (2000). «Short Communication: New Record of the White-faced Heron Egretta novaehollandiae in Xiamen (Amoy), China». Emu 100 (4): 340. doi:10.1071/MU004SC. 
  7. «Species factsheet: Egretta novaehollandiae». BirdLife international. 2008. [daud lenkje]
  8. 8,0 8,1 Australian Museum Online - White-faced Heron
  9. 9,0 9,1 Bimbimbie ornithological services - Notable behaviours of White-faced Heron
  10. birdphotos.com.au White Faced Heron

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvitmaskehegre