Kvitpannealbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitpannealbatross

Status i verda: NT Nær truga

Kvitpannealbatross aust for TsmaniaFoto: JJ Harrison
Kvitpannealbatross aust for Tsmania
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: P. bulleri
Vitskapleg namn
Thalassarche bulleri
Rothschild, 1893

Kvitpannealbatross, Thalassarche bulleri, er ein liten albatross. Han hekkar på øyar rundt New Zealand, og beitar i havområda utanfor Australia og i det sørlege Stillehavet.

Thalassarche bulleri in flight 1 - SE Tasmania.jpg
Kvitpannealbatross i flukt
Foto: JJ Harrison

Kvitpannealbatrossen er i gjennomsnitt 79 cm i kroppslengd. Han har sølvkvit til sølvgrå panne, grått hovud og hals. Rundt auga har han ein mørk flekk med ein kvit halvmåne bak og under auget. Ryggen, oversida av vengene og halen er mørk grå, og heile undersida med undergump er kvit. Undersida av vengen er kvit med svarte tupper, og eit breitt, skarpt avgrensa mørkt band i forkant. Nebbet er stort og mørkt med gult på den øvre kjeven, og ut mot tuppen. Juvenile har eit mørkare hovud og brunt nebb.[1] Kvitpannealbatrossen liknar gråhovudalbatrossen, men skil seg frå gråhovudalbatross ved at sistnemnde har mørkare hovud og hals, og breiare mørk rand på undersida av vengen.

Kvitpannealbatrossar er kolonihekkarar, dei hekkar vanlegvis i fjellskrenter, i bratte skråningar, graskledde enger, og åsar dekte av grastuver.[2]Snareøyane hekkar fuglar under tre i innlandet.[1] Reiret er ein haug av jord, gras og røter og ligg i eit søkk i hekkeområdet. Hekkinga tar til i desember, på Snareøyane først i slutten av januar. Ruginga varar rundt 60 dagar, og begge foreldra deler på ansvaret. Den gjennomsnittlege tida mellom kvart skift er rundt 10 dagar. Etter klekking tar det 170 dagar før ungen er flygedyktig. Dei hekkar årleg.[1]

Dietten til kvitpannealbatrossar er sett saman av blekksprut, fisk, kappedyr og krepsdyr.[1][3][4]

Kvitpannealbatrossar er endemiske til New Zealand. Dei fleste hekkar på Snareøyane, Solanderøya og Chathamøyane. Vaksne beitar til havs mellom 40° S og 50° S frå Tasmania til Chatham Rise.[5] Ungfuglar og vaksne som ikkje hekkar spreier seg over det sørlege Stillehavet, ei rekkje fuglar beitar kvart år i Perustraumen utan for Chile og Peru.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 BirdLife International (2012) Species factsheet: Thalassarche bulleri. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2012
  2. Marchant, S.; Higgins, P. J.. Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic birds, 1: ratites to ducks. Melbourne, Australia: Oxford University Press. ISBN 978-0195530681. 
  3. James, J. D.; Stahl, J. C. (2000). «Diet of southern Buller's albatross (Diomedea bulleri bulleri) and the importance of fishery discards during chick-rearing». New Zealand Journal of Marine and Freshwater Research (34): 435–454. 
  4. West, J. A.; Imber, M. J. (1986). «Some foods of Buller's mollymawk Diomedea bulleri». New Zealand Journal of Zoology: 169–174. 
  5. James, J. D.; Stahl, J. C. (2000). «Diet of southern Buller's albatross (Diomedea bulleri bulleri) and the importance of fishery discards during chick-rearing». New Zealand Journal of Marine and Freshwater Research (34): 435–454. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]