Kvitsøy kringkastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitsøy kringkastar i 2003

Kvitsøy kringkastar eller Kvitsøy kringkaster er eit anlegg for kringkasting, eller med andre ord ein stor radiosendar. Anlegget vart bygt i åra 1981 og 1982 i Kvitsøy kommune utanfor Stavanger. Kvitsøy kringkastar opna med ny 1.200 kW mellombylgjesendar, jamfør Stavanger kringkastar. Sendaranlegget var då det kraftigaste nord i Europa. I tillegg kom fleire 500 kW kortbylgjesendarar for utsending av kringkastingssendingar til sjøfolk og nordmenn i utlandet, den såkalla utanlandssendinga.

Antennemasta for mellombylgje er om lag 115 meter høg. Antenna vart plassert rett ved havet på grunn at radiobylgjene vert leia godt over og gjennom havvatnet. Eit problem er vêrlaget rett ved Nordsjøen, med stormar og mykje regn. Ved slike tilhøve er det lett å få rust på installasjonane. I tillegg kan det vera problematisk å oppretthalda ei stabil spenning til driftsstraumen. Til drift av anlegget vart det lagd to særskilde sjøkablar for straum. To kablar vart lagde på grunn av sikring mot straumavbrot. Ved eit høve var det brot på begge kablane, og ein måtte til med straumaggregat.

Kortbylgjeanlegget avløyste gradvis Fredrikstad kringkastar og vart i slutten av 1980-åra utvida med eit ekstra sendaranlegg i Sveio nord for Haugesund.

I 2004 vart kortbølgjesendaren på Kvitsøy kringkastar lagt ned, og i 2006 vart mellombølgjesendaren stengd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvitsøy kringkastar

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]