Kvitstrupestormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitstrupestormsvale

Status i verda: EN Sterkt truga


Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Nesofregetta
Art: N. fuliginosa
Vitskapleg namn
Nesofregetta fuliginosa

Kvitstrupestormsvale, Nesofregetta fuliginosa, er ein sjøfugl i stormsvalefamilien. Han har ei utbreiing avgrensa til delar av Stillehavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er den største medlemmen i stormsvalefamilien, han måler ca. 24 til 26 centimeter og har ei gjennomsnittleg kroppsmasse på 70 gram. Fjørdrakta varierer frå ein heilt sotbrun morf til ein lys morf med smalt kvitt band på overgumpen, kvit underside og kvit strupe med mørkt band over halsen. Vengdekkarane på undervengene er kvite. Ei mellomform har svarte flekker på undersida. Halen er lett gaffelforma og beina stikk ut bak halen under flyging. Den lyse morfen har flest individ.

Kvitstrupestormsvaler hekkar på øyar i Stillehavet først og fremst på øyar i Kiribati og Fransk Polynesia og på Isla Sala y Gómez, lengst aust i Polynesia. Meir usikkert på Ny-Caledonia, Vanuatu, Samoa og Fiji. Storleiken på populasjonen er minkande og usikkert estimert til 1000 til 1600 kjønnsmodne individ. IUCN endra statusen frå sårbar til trua i 2010.

Trugsmåla mot arten er innførte artar som villkattar og rotter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]