Kvit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvitt)
Kvit
 

HTML-farge#FFFFFF
sRGBB  (rgb)(255, 255, 255)
CMYKH   (c, m, y, k)(0, 0, 0, 0)
HSV       (h, s, v)(-°, 0%, 100%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Kvit (frå norrønt hvítr)[1] er fargen ein får når heile lysspekteret vert reflektert. Kvitt er ikkje ein del av fargespekteret, ettersom det blir til ved at kvitt lys blir brote og dei ulike bølgjelengdene spreier seg forskjellig. Ein kan derimot blanda han med andre fargar for å gjera dei lysare.

Kvite godvêrsskyer.

Stoff som reflekterer så godt som alt lys som blir sendt mot dei, ser kvite ut. Dette gjeld mange pulver, som kveitemjøl, krit og kokain, nokre mineral, som diamant og kvarts, stein, som marmor og granulitt, fleire oksiderte metall, som titan, sink og magnesium, og vatn blanda med luft, til dømes som skum, skyer, snø eller i ein foss.

Kvitt i biologien[endre | endre wikiteksten]

Ein kvit isbjørn synest godt i det mørke havet, men ikkje blant is og snø.
Kvit krokus.

Kvite dyr[endre | endre wikiteksten]

Mange dyr er heilt eller delvis kvite. Dette kan koma av naturleg tilpassing, til dømes kamuflasje i område med mykje snø, eller ein mutasjon, slik som albinisme. Dyr som lever i svært kalde område kan vera kvite heile året, slik som isbjørnen. Andre kan bli kvite berre om vinteren, slik som harar eller polarrevar. Også dyr som ikkje lever i polarområde kan vera naturleg kvite, til dømes svaner. Andre kvite dyr kan ha blitt ala fram av menneske, slik som nokre hestar og kaninar, dei siste både som albinoar og som vanlege dyr.

Kvitt på menneskekroppen[endre | endre wikiteksten]

Visse menneskegrupper har utvikla særs lys hud, kanskje for betre å fanga opp D-vitaminar frå sollys i strok der det er lite sol. Denne hudtypen blir gjerne skildra som kvit, sjølv om han som oftast ser meir rosa ut, på grunn av blodet under huda.

Menneske kan også vera albinoar, noko som kan føra med seg krittkvitt hår. Ein del lyshuda menneske, særleg born, kan òg ha blondt hår som ser heilt kvitt ut. Elles kan ein få kvitt hår når ein blir gammal.

Kvitt i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Kvit hud[endre | endre wikiteksten]

Dronning Elizabeth I av England brukte kvit sminke for å få eit kvitast mogleg fjes.

I nokre samfunn har kvitleg hud vitna om eit liv fritt for hardt utearbeid, og har vore sett på som eit statussymbol. Folk som ønskjer å halda huda så kvit som mogleg kan bruka hattar som vernar andletet mot solstrålar. Kremar som skal bleika huda eller dekka henne med eit kvitt lag har òg vore vanleg mange stader.

Kvitfargen kan òg vitna om sjukdom eller død, og kan vera ein grunn til at så mange gjenferd blir avbilda med kvit hud og klede. Ein bleik hudfarge har òg mista mykje av statusen sin ved at dei fleste arbeidarar blei sende innandørs etter den industrielle revolusjonen. I dag ønskjer mange europearar og amerikanarar å sjå solbrune ut, medan japanske kvinner enno prøver å ha så snøkvit hud som mogleg.

I tillegg til å bruka kvit sminke, noko til dømes geishaer gjer ut frå gamle japanske venleiksideal, kan ein bruka kvit kroppsmåling for å dekorera huda. Dette gjer til dømes australske aboriginarar som del av tradisjonelle rituale.

Kvite klede[endre | endre wikiteksten]

Kvitt kan stå for det som er reint og urørt, som nyfallen snø eller eit tomt papirark.

Av praktiske grunnar har det vore vanleg å laga sengetøy og undertøy av kvitt klede. Dette er fordi ein vaska dei med klor, som drep bakteriar og bleikar tøyet. Særleg helsevesenet og mange hotell bruker mykje kvitt tøy, både fordi det er praktisk og kanskje òg for å gje inntrykk av reinsle.

Parsisk bryllaup der mennene og brura er kledde i kvitt.

I det indiske samfunnet står kvite klede for det symbolske reine, og blir mellom anna brukt innan djainismen, der mange medlemmer ber kvitt tøy som symbol på eit enkelt og asketisk liv. Også kristne nonner, med Mor Teresa sine miskunnssøstre som dei mest kjende, ber kvite drakter. Mange hinduistiske enkjer har kvitt som einaste klesfarge resten av livet dersom dei ikkje gifter seg opp att. Slik kan kvitt òg sjåast som ein sørgefarge, og han blir brukt til dette i Kina.

I den kristne kyrkja er kvitt ein liturgisk farge som står for lys, heilagdom og reinsle. Det har vore vanleg å bera kvite plagg til viktige hendingar som dåp, konfirmasjon og kyrkjegonge etter barsel.

I moderne tid er kvitt blitt ein typisk farge for brurekjolar over heile verda. Bruken spreidde seg etter at den populære monarken Victoria av Storbritannia gifta seg i kvitt, og kvitt er no den sjølvsagte brurekjolefargen for mange. Kvitfargen blir gjerne eit symbol for den kyske og uskuldige brura. Derfor blir det gjerne sett på som feil å bruka ein kvit brurekjole om ein gifter seg opp att.

Kvitt i heraldikken[endre | endre wikiteksten]

Den raude krossen
Den raude halvmånen.

I moderne konfliktsituasjonar er eit kvitt flagg eit fredeleg symbol. Det kan brukast av folk som ikkje deltek i konflikten, eller av styrkar som overgjev seg.

Men det kvite flagget har òg stått for autoritet. Det var symbolet til det franske monarkiet, og bruken av det eller trikoloren var ei kjelde til strid etter den franske revolusjonen. Under revolusjonstida vart kontrarevolusjonære royalistiske opprørarar kalla dei kvite, mens dei revolusjonære vart kalla dei blå (blå hadde da enno ikkje vorte ein farge som i somme land symboliserer liberal-konservative parti). Sidan da har kontrarevolusjonære krefter fleire gonger vorte karakteriserte som kvite, såleis var det til dømes kvite mot raude både i den finske borgarkrigen og under den russiske revolusjonen. Slik bruk av ordet kvit har ein ikkje lenger.

Den fredelege organisasjonen Raude kross bruker kvite flagg med eit lite symbol på. Andre, nasjonale flagg der kvitt er dominerande er Kypros, Israel og Finland.

heraldiske våpen er det vanleg å bruka kvitt i staden for sølvfarge når dei skal trykkast. I nokre tilfelle kan kvitt likevel seiast å vera ein eigen heraldisk farge, til dømes i den britiske kongefamilien, der våpenskjolda til alle andre enn den regjerande monarken alltid bruker kvitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]