Kvitt hòl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Eit kvitt hòl er eit teoretisk område i romtida som korkje lys eller materie kan koma inn i, men derimot kan koma bort frå. Såleis har det motsette eigenskapar av eit svart hòl.

Eit kvitt hòl er ei matematisk løysing av likningar i relativitetsteorien til Einstein, men ein kjenner ikkje til mekanismar i røynda som kan skapa kvite hòl, og kvite hòl er heller ikkje observerte.

I teorien kan svarte og kvite hòl ha eit samband gjennom eit såkalla makkhòl – ein slags tunnel gjennom romtida. Materie som fell ned i det svarte hòlet, kjem ut av det kvite hòlet etter ei ferd gjennom makkhòlet. Utrekningar viser derimot at ein slik situasjon vil vere særs ustabil.

Reint matematisk kan eit kvitt hòl oppfattast som eit svart hòl der tida går baklengs. Det heng saman med at relativitetsteoriens fysiske lovar er dei same, uansett kva veg tida går. Men i ei verkeleg verd er det ikkje berre éi naturkraft, som til dømes tyngdekrafta, som har påverknad.

Enkle hendingar i kvardagen viser at vi ikkje kan snu tidas gong: Mistar vi eit egg i golvet, vert det knust – vi har gått frå orden til uorden. I den verkelege verda utviklar prosessane seg alltid slik at den totale mengda uorden veks. Difor ser vi aldri den motsette prosessen, til dømes at eit knust egg blir heilt att – eller at tida byrjar å gå baklengs.

Einsteins likningar kan ha fleire løysingar. Men dei løysingane forskarane er interessert i, er dei som svarar til ein fysisk realitet som vi kan observere. Likningane er vans­kelege, difor tek fysikarane nokre føresetnader for å gjere dei enklare å arbeide med. Det kan medføre ein risiko for at ein finn ei matematisk løysing som ikkje svarar til den fysiske røynda.

Den løysinga av likningar i Einsteins relativitetsteori som skildrar kvite hòl, er mest sannsynleg av denne typen. Dei kvite hòla har ein kome fram til ved å sjå på teorien for eit tomt univers, der likningane er lettare å ha med å gjere, men også er langt frå realistiske.