Kvitveis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kvitveis |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Ranunculales | |
| Underorden: | — | |
| Familie: | Ranunculaceae | |
| Slekt: | Anemone | |
| Art: | A. nemorosa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anemone nemorosa | ||
Kvitveis eller kvitsymre (Anemone nemorosa) er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Dei kvite blomane hennar pregar skogbotnen kvar vår, i Noreg i april-mai. Kvitveis er giftig.
Planten vert 7-20 cm høg og dannar store bestandar. Han er spesielt tilpassa livet i lauvskogar. Dei kvite blomane spring ut før blada på trea, og blir slik dei første til å utnytta næringsstoff som er blitt frigjorte i løpet av vinteren. Når lauvet spring visnar kvitveisen, og jordstenglane tek vare på næringa til neste år.