Kwashiorkor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jente med kwashiorkor under Biafrakrigen.

Kwashiorkor er ein barnesjukdom som kjem av feilernæring med manglande proteininntak samstundes som energiinntaket er relativt godt.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Lidinga fekk namnet kwashiorkor av Cicely Williams som omtalte han i eit brev publisert i lækjartidskriftet The Lancet i 1933. Ordet tok ho frå ga-folket i Ghana som snakkar eit kwa-språk, og det tyder noko slikt som «den som har blitt fortrengt». Dette viser til fortrenginga av eit diande barn når eit nytt barn kjem til verda. Det nyfødde barnet får die i staden for det eldre barnet, dette kan føra til underernæring som viser seg som kwashiorkor.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Frå morsmjølka får eit diande barn i seg viktige aminosyrer for vekst. Om kosten når barnet blir avvent har høgt innhald av stive og karbohydratar, men lite protein, kan det utvikla kwashiorkor. Dette kan henda om kosthaldet ein stad hovudsakleg inneheld stiverike grønsaker, eller om det er hungersnaud i området. Men utviklinga av sjukdommen er ikkje fullt ut kjend, og det finst truleg andre faktorar som fører til at ein får lidinga.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Eit barn som har kwashiorkor vil ha ein oppblesen mage, raudleg misfarga hår og avfarga hud. Fjeset til ungen ser lidande og bulldog-aktig ut.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Mange tilfelle av sjukdommen kan behandlast ved at ein tilfører protein og meir energi i kosten, men dette hjelper ikkje i alle tilfelle.

Utfall[endre | endre wikiteksten]

Kwashiorkor kan ha eit utfall der opptil 60 % døyr av han. Barn som overlever kan få hemma vekst og i ekstreme tilfelle få redusert mental utvikling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]