Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
«Kylie» omdirigerer hit. For albumet med same tittelen, sjå Kylie av Kylie Minogue.
Denne artikkelen handlar om den australske songaren. For det sjølvtitulerte albumet, sjå Kylie Minogue av Kylie Minogue.
Kylie Minogue
Kylie Minogue Cannes.jpg
Minogue i Filmfestivalen i Cannes, 2008
Verkeleg namn Kylie Ann Minogue
Alias Princess of Pop
Goddess of Pop
Fødd 28. mai 1968 (44 år)
Melbourne i Victoria i Australia
Sjanger Pop, electropop, synthpop, dansepop, disco[1][2]
Aktive år 1987 til i dag (songar)
1979 til i dag (skodespelar)
Yrke songar, låtskrivar, skodespelar, produsent, motedesigner, forfattar, forretningskvinne
Plateselskap Mushroom Records
Geffen Records
Deconstruction Records
Parlophone
Capitol Records
Nettside www.kylie.com

Kylie Ann Minogue (fødd 28. mai 1968 i Melbourne i Australia), ofte berre kjent som Kylie, er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho slo gjennom som musikar i 1987 med songen «I Should Be So Lucky», og regjerte på hitlistene på slutten av 1980-talet. Før ho slo igjennom som songar hadde ho livnært seg som skodespelar i den australske såpeoperaen Neighbours.

Kylie Minogue har selt over 68 millionar album[3] og 55 millionar singlar på verdsbasis. Ho har motteke høgthengande prisar, blant anna fleire ARIA Award og Brit Award. I 2008 vart ho utnemnt til offiser av Order of the British Empire for det langvarige arbeidet sitt med musikk.

Innhaldsliste

Biografi og karriere [endre]

1968–86: Barndom og ungdom [endre]

Kylie Ann Minogue vart fødd den 28. mai 1968 i Melbourne i Australia som første barnet til Ronald Charles Minogue, ein rekneskapsførar med irsk opphav,[4] og Carol Jones, ein tidlegare dansar frå Wales.[5] Ho er eldst av tre sysken, systera Dannii Minogue, er òg songar og skodespelar,[4] og ein dommar på Australia's Got Talent, medan broren Brendan arbeider som kameramann på nyhendesendingar i Australia.[6] Minogue-borna voks opp i Surrey Hills i Melbourne.[7]

Minogue-systrene byrja karrierane sine som born på australsk fjernsyn.[4] Kylie dukka opp i små rollar i såpeoperaer som The Sullivans og Skyways. I 1985 fekk ho ei av hovudrollene i The Henderson Kids.[8] I eit forsøk på å skape ein karriere innan musikk, laga ho ein demo for produsentane av det vekentlege musikkprogrammet Young Talent Time.[9] Ho deltok i serien i 1985, men vart ikkje invitert til å vera med vidare. Ho fekk deretter ei rolle som Charlene Mitchell i såpeoperaen Neighbours i 1986.[7]

1987–92: Dei første åra i musikkbransjen [endre]

Den første singelen til Minogue, «The Loco-Motion», heldt seg sju veker på førsteplass på dei australske musikklistene. Den selde 200 000 eksemplar[9] og vart den bestseljande singelen på 1980-talet.[10] Singelen «I Should Be So Lucky» nådde fyrsteplass i Storbritannia og andre europeiske land, Australia, Israel og Hong Kong,[11] og vart ein hit i mange delar av verda. Det første albumet hennar Kylie (1988) heldt seg over eit år på den britiske albumlista, inkludert fleire veker på fyrsteplass.[12] Albumet selde ikkje så godt i USA og Canada, sjølv om singelen «The Loco-Motion» vart nummer tre på den amerikanske Billboard Hot 100-lista,[13] og førsteplass på den kanadiske hitlista. Det vart selt meir enn sju millionar på verdsbasis, det meste i Europa og Asia. «It's No Secret» vart utgjeven berre i USA og nådde nummer 37 i tidleg 1989,[13] og «Turn It into Love» vart utgjeve som singel i Japan og nådde fyrsteplass. I juli 1988 vart «Got to Be Certain» den tredje rake førsteplassen til Minogue på dei australske hitlistene.[14] Andrealbumet Enjoy Yourself (1989) vart ein suksess i Storbritannia, Europa, New Zealand, Asia og Australia, og inneheldt fleire suksessfulle singlar, blant anna den britiske singelen «Hand on Your Heart»,[12] men det floppa i Nord-Amerika. Seinare la Minogue ut på den første turneen hennar, Enjoy Yourself Tour, i Storbritannia, Europa, Asia og Australia.[15]

Albumet Rhythm of Love (1990) presenterte ei meir sofistikert og vaksen form av dansemusikk. Fast bestemt på å bli akseptert av eit meir moge publikum, tok Minogue kontroll, fyrst med singelen «Better the Devil You Know», og presenterte seg sjølv som ei seksuelt mogen kvinne.[16] Singlane frå Rhythm of Love selte godt i Europa og Australia og var populære på britiske nattklubbar. Singelen «Shocked» vart den trettande britiske Top 10-singelen hennar på rad.[12] Det fjerde albumet hennar Let's Get to It (1991) nådde nummer 15 på UK Albums Chart og var det første av albuma hennar som ikkje klarte å nå Top 10.[12] Den fjortande singelen, «Word Is Out», vart den første singelen hennar til å ikkje komme på Top 10.[12] Derimot kom dei etterfølgjande singlane «If You Were with Me Now» og «Give Me Just a Little More Time» høvesvis på plass nummer fire og nummer to.[12] Det første samlealbumet hennar, Greatest Hits, kom ut i 1992, og nådde førsteplass i Storbritannia[12] og nummer tre i Australia.[17]

1994–98: Kylie Minogue og Impossible Princess [endre]

Avtalen med Deconstruction Records vart mykje omtalt i media som byrjinga på ein ny fase i karrieren hennar, men det sjølvtitulerte albumet Kylie Minogue (1994) fekk blanda kritikkar. Singelen «Confide in Me» heldt seg fem veker på fyrsteplass i Australia.[18] Den andre singelen «Put Yourself in My Place» og den neste singelen «Where Is the Feeling?», nådde begge den britiske Top 20-lista.[12] Albumet nådde fjerdeplass,[12] og totalt vart det selt 250 000 eksemplar av dette albumet.[19]

I denne perioden gjorde ho ein gjesteopptreden som seg sjølv i ein episode av den britiske TV-serien The Vicar of Dibley. Regissøren blei fascinert av omslagsbildet i det australske tidsskriftet Who Magazine der ho var framstilt som eit av dei vakraste menneska i verda, og tilbaud henne ei rolle i filmen Street Fighter (1994).[20] Filmen vart ein moderat suksess, han tente 70 millionar dollar i USA,[20] men fekk dårlege kritikkar. I 1995 samarbeidde Minogue med Nick Cave på «Where the Wild Roses Grow». Singelen hausta stor merksemd i Europa, der han nådde Top 10 i fleire land, og blei nummer to på listene i Australia.[21]

Sjettealbumet kom i 1997 og heitte Impossible Princess. Til å hovudsakleg vera eit dansepopalbum,[22] skilde den første singelen «Some Kind of Bliss» seg ut såpass at Minogue måtte slå tilbake påstandar om at ho prøvde å bli ein indieartist. Videoen til singelen «Did It Again» hylla dei tidlegare inkarnasjonane hennar, slik det framgår av biografien hennar Kylie: La La La.[23] I Storbritannia gav tidsskriftet Music Week ei negativ vurdering. I Storbritannia kom albumet ut med tittelen Kylie Minogue, grunna dødsfallet til Prinsesse Diana av Wales, og vart albumet med lågast sal i karrieren hennar. I Australia heldt Impossible Princess seg fleire veker på albumlista, og nådde plass nummer fire,[24] og vart då hennar mest suksessfulle album sidan Kylie i 1988. Turneen Intimate and Live Tour (1998) vart utvida på grunn av etterspurnaden.[25]

1999–04: Light Years, Fever og Body Language [endre]

Ho signerte med Parlophone i 1999. Albumet Light Years frå 2000 var ei samling av discoinspirerte dansepopsongar.[26] Det fekk gode platemeldingar og gjorde det bra i heile Asia, Australia, New Zealand og Europa, og selde over ein million eksemplar i Storbritannia.[27] Singelen «Spinning Around» vart den fyrste britiske singelen hennar på ti år til å nå fyrsteplass, og den tilhøyrande videoen viser Minogue i gylne hotpants. Dette vart rekna som «varemerket» hennar.[28][29] Singelen vart skildra av The Times som ein ny æra i synthpop som vart fortset. Den andre singelen, «On a Night Like This», nådde fyrsteplass i Australia[30] og andreplass i Storbritannia. I 2000 spelte Minogue «Dancing Queen» av ABBA og sin eigen singel «On a Night Like This» under avslutningsseremonien i OL i Sydney.[31] Ho drog på turneen On a Night Like This Tour i Australia og Storbritannia.

I 2001 gav Minogue ut albumet Fever.[32] Det nådde fyrsteplass i Australia, Storbritannia, og mange land i Europa, og selde i overkant av åtte millionar.[33] Den første singelen «Can't Get You Out of My Head» vart den største suksessen i karrieren hennar, og nådde fyrsteplass i meir enn 40 land.[34] Minogue vann fire ARIA Award òg to Brit Award, for beste internasjonale kvinnelege soloartist og beste internasjonale album.[35] Tidsskriftet Rolling Stone skreiv at singelen «Can't Get You Out of My Head» var ein av dei beste dansesongane i det nye hundreåret. Fever nådde nummer tre på Billboard 200[36] og «Can't Get You Out of My Head» nådde nummer sju på Billboard Hot 100.[13] Dei påfølgjande singlane «In Your Eyes», «Love at First Sight» og «Come into My World» gjorde det bra over heile verda, og Minogue var etablert i den nordamerikanske marknaden, særskild i klubbmiljøet. I 2003 vann Minogue ein Grammy Award for «Love at First Sight»,[37] og året etter vann ho den same prisen for «Come into My World».[38] Etter denne suksessen sette ho i 2002 ut på ein stor turne rundt om i verda, KylieFever2002. Ein DVD frå turneen KylieFever2002: Live in Manchester vart kåra til den beste konserten det året.

Det neste albumet hennar, Body Language (2003), kom ut etter ein konsert i London kalla Money Can't Buy. Arrangementet presenterte ein ny visuell stil, delvis inspirert av Brigitte Bardot. Albumet fekk positive meldingar i Billboard[39] og Allmusic,[40] som skildrar det som eit stort popalbum. Salet av Body Language var lågare enn venta etter suksessen med Fever,[33][41] men den første singelen «Slow» gjekk til topps på listene i Storbritannia og Australia.[42] Etter å ha nådd fyrsteplass på den amerikanske klubblista,[43] fekk singelen «Slow» ein Grammy Award i kategorien «Best Dance Recording».[37]

Minogue gav ut eit andre offisielt samlealbum Ultimate Kylie i november 2004.[44] Albumet introduserte to nye singlar, «I Believe in You» og «Giving You Up». Singelen «I Believe in You» nådde den amerikanske Billboard-lista,[43] og Minogue var nominert til ein Grammy for fjerde år på rad når songen vart nominert i kategorien «Best Dance Recording».

2005–06: Brystkreft [endre]

Tidleg i 2005 byrja Minogue turneen Showgirl: The Greatest Hits Tour, og etter å ha spelt i Europa, reiste ho til Melbourne, der ho vart diagnostisert med brystkreft.[45] Minogue vart diagnostisert med kreft den 17. mai 2005, noko som førde til at resten av Showgirl: The Greatest Hits Tour vart utsett.[46] Ho var innlagt i Melbourne og fekk ein kort, intens periode med mediedekking, særleg i Australia, der statsminister John Howard gjekk ut og støtta henne.[47] Ho gjennomgjekk operasjon den 21. mai 2005 i ein forstad til Melbourne, og byrja cellegiftbehandling kort tid etter.[47] I juli 2005 synte ho seg offentleg att etter operasjonen. Ho kom tilbake til Frankrike der ho fullførde cellegiftbehandlinga i Villejuif, nær Paris.[48]

Barneboka hennar, The Showgirl Princess, vart skriven i løpet av rekonvalesensperioden og kom ut i oktober 2006. Ho lanserte sin eigen parfyme kalla Darling i november same året.[49] Denne parfymeserien vart seinare utvida med andre parfymar som Pink Sparkle, Couture og Inverse.[50]

Tilbake i Australia snakka ho ut om sjukdomen og sa at cellegiftbehandling «kjennest som ei atombombe».[49]The Ellen DeGeneres Show i 2008, sa ho at kreften hennar opphavleg vart feildiagnostisert,[51] men ho har sidan og snakka om respekten ho har for den medisinske profesjonen.[52]

I november 2006 byrja Minogue-turneen Showgirl: The Homecoming Tour med ein konsert i Sydney. Ho hadde fortalt til journalistar før konserten at ho ville vere svært emosjonell.[53] Minogue framførte duetten «Kids» med Bono som var i Australia med U2 med Vertigo Tour, men Minogue laut avlyse ein planlagt konsert med U2 på grunn av utmatting.[54]

2007–09: X, KylieX2008 og For You, For Me Tour [endre]

Minogue i 2009

Minogue gav ut det tiande studioalbumet sitt, X, i november 2007. Den første singelen frå albumet var «2 Hearts», og vart spelt på radio i oktober og gjeven ut for sal i november. Albumet og singelen nådde begge fyrsteplass i Australia.[55][56] X kom ut i USA i april 2008 og nådde Top 100 på albumlista.[36] Ifølgje britiske The Times hadde X selt ein million eksemplar i desember 2008. X fekk ein Grammy Award i 2009 for beste elektroniske dansealbum,[57] etter den femte Grammy-nominasjonen til Minogue.

I desember 2007 deltok Minogue på konserten for Nobels fredspris i Oslo,[58] og seinare spelte ho i finalen i det britiske TV-programmet The X Factor. I mai 2008 skapte Minogue blest om albumet X med ein europeisk turne, KylieX2008, som var den dyraste turneen hennar hittil.[36][59] Minogue vart omtalt i White Diamond, ein dokumentarfilm frå 2007 medan ho fortsette turneen Showgirl: The Homecoming Tour.[60] Ho opptredde òg i programmet The Kylie Show, med Dannii Minogue, Jason Donovan og Simon Cowell.[61]

Sist i desember 2007 vart det annonsert at Minogue var blant dei som skulle bli heidra av Dronning Elizabeth II med ein Order of the British Empire for musikken sin.[62] Ho fekk offisielt tildelt ordenen frå Prins Charles av Wales i juli 2008.[63] I mai vart 2008 Minogue tildelt Ordre des Arts et des Lettres, den høgaste franske kulturprisen.[64] I slutten av september 2008 gjorde Minogue den første konserten sin i Midtausten under opninga av eit eksklusivt hotell i Dubai.[65] I november fortsette ho turneen KylieX2008 i Sør-Amerika, Asia og Australia. Turneen vitja 21 land og vart rekna som ein suksess, med eit samla billettsal på kring 70 millionar dollar.[66] I september 2009 la Minogue ut på For You, For Me Tour, den første nordamerikanske turneen hennar, med konsertar i USA og Canada. Ho vart òg knytt til Bollywood-filmen Blue,[67] og stadfesta at ho jobba med det ellevte studioalbumet sitt.[67] I desember 2009 gav Minogue ut konsertealbumet Kylie: Live in New York.[68] Albumet vart spelt inn i New York og inneheld 25 songar.[69]

2010–no: Aphrodite og K25 [endre]

Minogue opptrer under Aphrodite World Tour i Mannheim i Tyskland.

Det ellevte studioalbumet til Minogue Aphrodite kom ut i heile verda i juli 2010. Den første singelen «All the Lovers» vart gjort tilgjengeleg for kjøp i juni 2010. Albumet nådde fyrsteplass på hitlistene i Storbritannia, nøyaktig tjueto år etter den første britiske fyrsteplassen hennar.[70] Den andre singelen frå Aphrodite, «Get Outta My Way», kom ut den 27. september 2010.[71] I oktober 2010 hadde Minogue opptreden framfor sfinksen og pyramidane i Egypt for å feira årsdagen for eit tidsskrift.[72]

«All the Lovers» og «Get Outta My Way» var populære på amerikanske klubbar og nådde begge fyrsteplassen på danselista til Billboard.[73] «Better than Today» nådde fyrsteplass på hitlistene og duetten hennar med Taio Cruz, «Higher», nådde tredjeplass.[74] Minogue og Parlophone gav i desember 2010 ut ein EP med tittelen A Kylie ChristmasiTunes, som inkluderte «Santa Baby»,[75][76] tidlegare gjeven ut som ei B-side til singelen «Please Stay». I august 2011 nådde «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» òg fyrsteplass på Billboard-danselistene.[77]

I 2011 starta Minogue på Aphrodite World Tour knytt til albumet Aphrodite. Turneen vitja Europa, Nord-Amerika, Asia, Australia og Sør-Afrika. Ein DVD/Blu-ray av konserten filma i London vart utgjeve i slutten av november 2011.[78][79]

For feirar hennar 25 år i musikkbransjen byrja Minogue ei feiring i 2012 kjent som K25. Minogue planlegg å gje ut eit samlealbum som inneheld akustiske og orkestrale versjonar av dei største songane hennar. Minogue annonsert i mars 2012 dei første datoane for hennar konsertturne Anti Tour, i han er utført B-sider og demoar frå katalogen hennar.[80]

Billboard annonsert i mai 2012 som Minogue ville utgje eit ny samlealbum med tittelen The Best of Kylie Minogue.[81] Minogue utgjeve ein ny singel, «Timebomb», den 25. mai 2012 som ein del av K25. Minogue har hatt sju førsteplass-singlar og selt over 10.1 millionar singel i Storbritannia, gjere henne den tolvte bestselgende songaren av singel i landet.[82]

Framstilling som kjendis [endre]

I løpet av karrieren sin har Minogue valt fotografar som freistar å skape nye bilete av henne, og resultata har dukka opp i rekkje tidsskrift, som The Face, Vogue og Vanity Fair. Minogue har dermed hatt ein breiare plass i den europeiske populærkulturen enn mange andre popsongarar som berre konsentrerer seg om å selje plater.[83]

I 2000 hadde Minogue oppnådd ei grad av musikalsk truverd etter å ha oppretthalde karrieren sin lenger enn det kritikarane hadde trudd.[84] Same år nemnde Birmingham Post at Minogue var på hitlistene som ei «pop-prinsesse». Tilbake i 1988 med første singlen hennar «I Should Be So Lucky» vart ho den mest suksessrike kvinnelege artisten på dei britiske hitlistene.[85] Progresjon hennar til ein meir sofistikert musikar med ein flørtande og leiken personlegdom vann ho nye tilhengjarar.[84] Etter 20 år som utøver vart Minogue skildra som eit mote- og stilikon som stadig fornya seg. Ho har hatt mange vellukka turnear, og seld over 68 millionar plater over heile verda.[86][87]

Minogue vert rekna som eit homoikon.[88] Ho har òg vorte inspirert av og samanlikna med Madonna gjennom heile karrieren sin.[7]

I mars 2010 vart Minogue erklært som den mektigaste kjendisen i Storbritannia.[89]

Diskografi [endre]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Kylie Minogue.

DVD-ar [endre]

Turnear [endre]

Parfymar [endre]

  • Darling (2006)
  • Sweet Darling (2007)
  • Showtime (2008)
  • Sexy Darling (2008)
  • Couture (2009)
  • Inverse (2009)
  • Pink Sparkle (2010)
  • Dazzling Darling (2011)

Konsertar i Noreg [endre]

Litteratur [endre]

Kjelder [endre]

  1. Synth pop: Encyclopedia of Modern Music. The Times (1. februar 2009). Vitja 11. juni 2012.
  2. Kylie Minogue — Aphrodite (Review). Urb.com. Vitja 11. juni 2012.
  3. Kylie Minogue - Line of Enquiry. BBC. Vitja 29. januar 2011.
  4. 4,0 4,1 4,2 Bright, Spencer. Why we love Kylie – By three of the people who know her best. Mail Online. Vitja 25. mai 2009.
  5. Family shock at Kylie's illness. BBC News. Vitja 25. juli 2009.
  6. Pop princess is a survivor. Sydney Morning Herald. Vitja 26. juli 2009.
  7. 7,0 7,1 7,2 Lister, David. Kylie Minogue: Goddess of the moment. The Independent. Vitja 26. juli 2009.
  8. Wearring, Miles (28. mai 2008). Kylie's life on screen. News Limited. Vitja 26. juli 2009.
  9. 9,0 9,1 Kylie Minogue – 20 years on. Herald Sun. Vitja 27. juli 2009.
  10. 20 years at the top: she should be so lucky. Sydney Morning Herald. Vitja 26. juli 2009.
  11. Smith, Kylie Confidential. s. 219
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 12,7 12,8 Brown, Kutner, Warwick, The Complete Book of the British Charts Singles and Albums. s. 673–674
  13. 13,0 13,1 13,2 Kylie Minogue, Chart History, Hot 100. Billboard. Vitja 25. juli 2009.
  14. Kylie Minogue: Got To Be Certain (song). Media Jungen. Vitja 9. august 2009.
  15. LiMBO Kylie Minogue Biography. Herald Sun. Vitja 26. januar 2006.
  16. Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 32
  17. Kylie Minogue : Greatest Hits (album). Media Jungen. Vitja 26. juli 2009.
  18. Kylie Minogue: Confide in Me (song). Media Jungen. Vitja 26. juli 2009.
  19. Sutherland, Ellis, Kylie: Showgirl. s. 51
  20. 20,0 20,1 Smith, Kylie Confidential. s. 152
  21. Nick Cave and the Bad Seeds and Kylie Minogue: Where The Wild Roses Grow (song). Media Jungen. Vitja 26. juli 2009.
  22. True, Chris. Impossible Princess. Allmusic. Vitja 21. januar 2007.
  23. Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 113
  24. Kylie Minogue – Impossible Princess (album). Media Jungen. Vitja 26. juli 2009.
  25. Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 125
  26. Light Years. Allmusic. Vitja 21. januar 2007.
  27. Kylie's sweet run of success. BBC News (14. november 2002). Vitja 7. august 2009.
  28. Style icon Kylie's hotpants go on show at the V&A museum. Daily Mail (15. januar 2007). Vitja 27. juli 2009.
  29. Smith, Kylie Confidential. s. 189–192
  30. Kylie Minogue: On a Night Like This (song). Media Jungen. Vitja 9. august 2009.
  31. Sydney says goodbye. BBC News (1. oktober 2000). Vitja 27. juli 2009.
  32. Fever. Allmusic. Vitja 21. januar 2007.
  33. 33,0 33,1 Can Kylie get her groove back. Fairfax Digital (31. januar 2004). Vitja 25. juli 2009.
  34. Gibb, Megan. Happy Birthday Kylie: 40 milestones to mark 40 years. The New Zealand Herald. Vitja 25. juli 2009.
  35. Brit Awards 2002: The winners. BBC News (20. februar 2002). Vitja 7. august 2009.
  36. 36,0 36,1 36,2 Goodman, Dean. Kylie Minogue album a flop in the U.S.. Reuters. Vitja 1. august 2009.
  37. 37,0 37,1 Kylie, Sparro nominated for Grammys. The Australian (4. desember 2008). Vitja 1. august 2009.
  38. Grammy Award winners. The Recording Academy. Vitja 1. august 2009.
  39. Pop star Kylie's showgirl success. BBC News (27. desember 2007). Vitja 25. juli 2009.
  40. True, Chris. Body Language. Allmusic. Vitja 21. januar 2007.
  41. Kylie's second coming. Fairfax Digital. Sydney Morning Herald (14. februar 2004). Vitja 24. mars 2008.
  42. Kylie Minogue: Slow (song). Media Jungen. Vitja 9. august 2009.
  43. 43,0 43,1 Kylie Minogue, Chart History, Dance/Club Play Songs. Billboard. Vitja 25. juli 2009.
  44. Ultimate Kylie. Allmusic. Vitja 21. januar 2007.
  45. Kylie Minogue Has Breast Cancer. CBS News (17. mai 2005). Vitja 24. mars 2008.
  46. Minogue's cancer shock ends tour. CNN (17. mai 2005). Vitja 21. januar 2007.
  47. 47,0 47,1 Kylie begins cancer treatment. CNN (19. mai 2005). Vitja 9. desember 2006.
  48. No Games appearance, says Kylie. BBC News (30. august 2005). Vitja 7. august 2009.
  49. 49,0 49,1 Moses, Alexa (9. november 2006). Pop's darling is one busy showgirl. Sydney Morning Herald. Vitja 21. januar 2007.
  50. Kylie Minogue Fragrance range. Fragrance Direct (28. februar 2011). Vitja 28. februar 2011.
  51. Kylie says "I was misdiagnosed". BBC News (8. april 2008). Vitja 5. august 2009.
  52. Kylie has 'respect' for doctors. BBC News (9. april 2008). Vitja 5. august 2009.
  53. Sams, Christine. Feathered Kylie's fans tickled pink. Sydney Morning Herald. Vitja 4. desember 2006.
  54. Kylie Minogue Cancels Performance with U2 due to Exhaustion. Spotlighting News (14. november 2006). Vitja 4. desember 2006.
  55. Kylie Minogue: X (album). Media Jungen. Vitja 9. august 2009.
  56. Kylie Minogue: 2 Hearts (song). Media Jungen. Vitja 9. august 2009.
  57. Adams, Cameron. The 51st Grammy Awards Winners List. The Recording Academy. Vitja 7. august 2009.
  58. 58,0 58,1 Kylie heats up Oslo in sexy PVC number to honour Al Gore. Mail Online (7. desember 2007). Vitja 7. august 2008.
  59. Kylie's tour to kick off in Paris. Telegraph Media Group. Vitja 7. august 2008.
  60. Kylie thanks fans at film launch. BBC News (17. oktober 2007). Vitja 26. juli 2009.
  61. Kylie and Dannii recreate infamous Dynasty catfight for TV special. BBC News (9. november 2007). Vitja 26. juli 2009.
  62. Parkinson and Minogue top honours. BBC News (29. desember 2007). Vitja 7. august 2009.
  63. Kylie attends Palace for honour. BBC News. Vitja 10. oktober 2008.
  64. Kylie receives top French honour. ABC News. Vitja 7. august 2009.
  65. Kylie Minogue performs at Atlantis hotel launch. The Age (21. november 2008). Vitja 10. september 2009.
  66. Herrera, Monica. Kylie Minogue Plans First North American Tour. Billboard. Vitja 8. august 2009.
  67. 67,0 67,1 Kylie dreams of credible film career not US success. The Independent (11. mai 2009). Vitja 7. august 2009.
  68. "Kylie Minogue To Release New York Live Set", December 2009. Billboard.
  69. Kylie Minogue To Release New York Live Set. Billboard (4. desember 2009).
  70. Kylie claims UK number one album. BBC News (11. juli 2010).
  71. ‘GET OUTTA MY WAY’ – BRAND NEW SINGLE!. Kylie.com (13. august 2010). Vitja 21. august 2010.
  72. Kylie performs in Egypt. Kylie.com. Vitja 22. oktober 2010.
  73. Kylie Minogue Chart History. Billboard. Prometheus Global Media. Vitja 6. mars 2011.
  74. Caulfield, Keith. Kylie Minogue Makes History On Dance/Club Play Songs. Billboard. Prometheus Global Media. Vitja 28. februar 2011.
  75. iTunes - Music - A Christmas Gift - EP by Kylie Minogue. Itunes.apple.com (1. desember 2010). Vitja 5. mars 2012.
  76. iTunes - Music - A Kylie Christmas - Single by Kylie Minogue. Itunes.apple.com (30. november 2010). Vitja 5. mars 2012.
  77. Kylie Minogue scores 4th #1* Billboard dance single with Put Your Hands Up
  78. Kylie Minogue to Drop ‘Aphrodite Les Folies Live in London’ DVD in November. Popcrush.com (23. september 2011). Vitja 5. mars 2012.
  79. Get ready for Aphrodite on DVD and Blu-Ray! | Kylie Minogue. Kylie.com. Vitja 5. mars 2012.
  80. Kylie Anti Tour shows announced | Kylie Minogue. Kylie.com. Vitja 5. mars 2012.
  81. Caulfield, Keith (4. mai 2012). New Kylie Minogue greatest hits album due in June. Billboard. Vitja 4. mai 2012.
  82. Kylie Anti Tour shows announced | Kylie Minogue. Kylie.com. Vitja 5. mars 2012.
  83. Baker, Minogue, Kylie: La La La. s. 165
  84. 84,0 84,1 Copley, Marketing Communications Management: Concepts and Theories, Cases and Practices. s. 128
  85. «Kylie's back on royal form». Birmingham Post, s. 5. 8. juli 2000.
  86. Kylie Minogue interview: State of Bliss. Scotland on Sunday. Vitja 8. august 2009.
  87. Webster, Philip. Kylie Minogue and Michael Parkinson lead list with heroes of summer floods. The Times. Vitja 26. mars 2008.
  88. Ives, Brian. Kylie Minogue: Disco's Thin White Dame. VH1. Vitja 21. januar 2007.
  89. Kylie Minogue named 'most powerful celebrity in Britain'. The Daily Telegraph UK. Vitja 31. mars 2010.

Bakgrunnsstoff [endre]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kylie Minogue