Kyllingstad Plogfabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Kyllingstad-plog i bruk under ein nordisk pløyekonkurranse ved Tønsberg i 1952.

Kyllingstad Plogfabrikk A/S var ein fabrikk på Kleppe, på Jæren, som produserte landbruksreiskap.

Fabrikken vart stifta av Ole Kyllingstad i 1883 og var opphavleg ei smie, som dreiv med reparasjon av landruksreiskap. Etters nokre år starta Kyllingstad med produksjon av plogar. Produksjonen auka med åra og nye produkt kom til. I 1920 vart firmaet registrert som aksjeselskap, under namnet Kyllingstad Plog og Maskinfabrikk AS. På grunn av ugunstige konjunkturar gjekk selskapet konkurs i byrjinga av 1920-åra, men starta opp på nytt, under namnet Kyllingstad Plogfabrikk AS. På 1930- og 1940-talet auka produksjonen og det vart utvikla mange nye prodult, som horver, hakker, osb.

I etterkrigstida gjekk produksjonen gradvis over til traktormontert reiskap. Både før og etter 2. vedskrig var Kyllingstad ein av dei viktigaste norske produsentane av reiskap for landbruket. I 1967 fekk Kyllingstad NDC sitt merke for god design, for den 4-skjers traktorplogen Oddson 14". Tidleg på 1980-talet fekk firmaet økonomiske problem og i 1984 var selskapet kjøpt opp av Kverneland Group, som i 1986 la ned fabrikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]