Kymmenedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kymenlaakso)

Kymmenedalen (finsk Kymenlaakso; laakso tyder 'dal'), er eit landskap i det finske lenet Södra Finlands län. Administrasjonssetet i landskapet er Kotka, ved utløpet til Kymmene älv i Finskebukta. Ein av kommunane i landskapet (Pyttis) er tospråkleg, men dei svensktalende i landskapet utgjer berre 0,8 % av folkesetnaden. Kymmenedalen grensar til landskapa Nyland, Päijänne-Tavastland, Södra Savolax og Södra Karelen. Mot søraust grensar det til tidlegare finske område som var ein del av Viborgs län og som no er ein del av distriktet Vyborg rajon i det russiske Leningrad oblast.

Kommunar og regionar[endre | endre wikiteksten]

Kymmenedalen består av sju kommunar, av dei er tre byar. I dei siste åra har det vore éi kommunesamanslåing. Den 1. januar 2009 vart kommunane Anjalankoski, Elimäki, Jaala, Kuusankoski og Valkeala slegne saman med Kouvola.

Kommunane i landskapet utgjer to økonomiske regionar. Oversynet nedanfor viser korleis kommunane fordeler seg på dei to økonomiske regionane. Byane er oppførte med feit skrift.

Kotka-Fredrikshamns økonomiske region[endre | endre wikiteksten]

Kouvola økonomiske region[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Kommunar i landskapet Kymmenedalen

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.