Kymmene älv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kymmene älv
Kymijoki 1.jpg
Utspring Päijänne
- Høgd 78,2 m
Munning Finskebukta
Land i nedslagsfelt Finland
Lengd om lag 180 til 200 km

Kymmene elv (finsk: Kymijoki) er ei elv i Finland, i det finske landskapet Kymmenedalen. Ho har sitt utspring frå innsjøen Päijänne og munnar ut i Finskebukta nær byen Kotka. Ho er ei av dei største elvane i Södra Finlands län, og ei kjelde for vasskraft. Byane Kotka, Anjalankoski og Kuusankoski ligg langs elva og er store senter for tremasse og papirindustri.

Delar av elva var grense mellom Sverige og Russland frå 1743 til 1809. Delar av Finland aust for elva vart seinare kalla Gamla Finland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kymmene elv på finsk