Kyotoprotokollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kyotoavtalen)
Medverkande i Kyotoaprotokollen 2009.:
  • Grønt: Skrive under og ratifisert
  • Gult: Skrive under, men ventar med å ratifisere
  • Grått: Verken underskrive eller ratifisert
  • Blått: Skrive under, men vil ikkje ratifisere

Kyotoprotokollen (eller Kyotoavtalen) er ei oppfølging av Klimakonvensjonen. Protokollen fastset bindande og talfesta rammer for utslepp av klimagassar for landa som i konvensjonen er kalla vedlegg-1-partar, dvs industriland og land med overgangsøkonomi.

Kyotoprotokollen vart vedtatt 11. desember 1997 og trødde i kraft 16. februar 2005.

Hovudelementa i avtalen[endre | endre wikiteksten]

Hovudelement i Kyotoprotokollen er:

  • Plikt for industrilanda til å halde utsleppa på eit nivå som er talfesta for kvar part. Målet er å redusere dei samla utsleppa av klimagassar frå industrilanda med minst 5 prosent i forhold til 1990-nivået i perioden 2008-2012.
  • Utsleppa av klimagassar gjeld dei seks viktigaste klimagassane: karbondioksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O), hydrofluorkarbon (HFK), perfluorkarbon (PFK) og svovelheksafluorid (SF6).
  • Protokollen reknar òg med opptak av klimagassar, slik at netto bindingseffektar på areal med skogreising, nyplanting og avskoging utført etter 1990 skal reknast med som ein del av reduksjonen i utsleppa.
  • Handel med utsleppskvotar mellom industriland
  • Prosjektsamarbeid mellom industriland og utviklingsland

Noregs plikter[endre | endre wikiteksten]

Noreg er etter Kyotoprotokollen forplikta til å sørgje for at dei totale klimagassutsleppa i perioden 2008-2012 ikkje er meir enn 1 prosent høgre enn i 1990, då utsleppa var 52,0 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]