Kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kyrkja som kulturell, andeleg og administrativ institusjon, sjå Kyrkja.
Pfarrkirche St. Rufus i Niedaltdorf i Tyskland.
Interiør av Sjögestadkyrkan i Linköping i Sverige. Vi ser preikestolen ved venstre vegg og altertavla inst i kyrkjerommet.
Foto: Håkan Svensson, 2004

Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar.

Ordet kyrkje kjem opphavleg frå gresk kyriakon (κυριακον), 'huset åt Herren'. Men ordet kan òg vera ei omsetjing av ekklesia (ἐκκλησία), 'folkesamling'. Dermed kan kyrkje både visa til huset kristne samlar seg i, og til sjølve kyrkjelyden.

Med ordet «kyrkje» reknar ein i Noreg etter Lov av 7. juni 1996 nr 31 om Den norske kirke, § 31, soknekyrkje eller kapell som er godkjent av Kongen eller departementet, eller som har vore kyrkje frå gammalt av. Det skal vere kyrkje i kvart sokn. Kyrkjene er soknet sin eigedom, om ikkje anna følgjer av særskild rettsgrunnlag. Desse kyrkjene vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Det er eit kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste kyrkjene oppstod i kristne heimar. Fleire kyrkjer i Roma og andre stader i dei første kristne områda var huskyrkjer og utvikla seg etter kvart til fellesrom for heile den truande forsamlinga. Dei første kristne kombinerte også sin kristne kult med den jødiske ved at dei var til stades ved gudstenestene i synagogane, der dei lytta til lesing frå Bibelen og song lovsongar. Deretter gjekk dei heim og feira eukaristien, eller nattverden. Gudstenesta i dei store kyrkjesamfunna har framleis denne hovudstrukturen: 1. Skriftlesing og lovsong, og 2. eukaristi eller nattverdmåltid med brød og vin. Bygg reist spesielt for kristne finn ein få døme på frå tida før Milanoediktet i 313.

Kyrkjetypar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjer finst i mange arkitektoniske former, men gjennom historia er det etablert visse hovudformer som går igjen. Det vanlegaste er å dele inn etter plantype (arkitektonisk form) og rang/funksjon. Det er gamal skikk å plassere kyrkjene i ein akse frå vest til aust, med hovudinngang i vest (der sola går ned) og alter i aust (mot soloppgangen og Jerusalem og der Jesus Kristus ved tidas ende skal komme igjen.)

Rang og funksjon[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjer blir delt inn etter sin opphavlege funksjon: klosterkyrkjer, soknekyrkjer og privatkyrkjer.[1] Undergrupper under dette er annekskyrkjer, lovekyrkjer (votivkyrkjer) og kapell. Ei votivkyrkje var ofte bygd som ei privatkyrkje.

Soknekyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Rønvik kyrkje i Bodø er soknekyrkje for Rønvik.
Foto: Lars Røed Hansen

Ei soknekyrkje er primærkyrkja i eit sokn, altså den kyrkja kyrkjelyden i eit distrikt normalt soknar til. Kvart sokn har derfor alltid ei soknekyrkje, men soknepresten kan fungere i fleire sokn samstundes. Hovudsoknets kyrkje blir då kalla hovudkyrke, medan dei andre soknekyrkjene er annekskyrkjer. Eit kyrkjesokn kunne tidlegare ha meir enn ei kyrkje, men berre ei soknekyrkje - den eller dei andre hadde då status som kapell. Etter Kyrkjelova frå 1997 er nemninga kapell gått ut av bruk for kyrkjebygg som det høyrer ein geografisk definert lokalkyrkjelyd til. Ein del kapell er dermed oppgradert til kyrkje. Kapell gjeld etter dette berre eit mindre kyrkjebygg med spesialiserte funksjonar til dømes bårekapell, gravkapell eller meditasjonskapell.

I Noreg høyrer alle medlemmer av Den norske kyrkja til den geografiske kyrkjelyden der dei bur og har sin kyrkjelege røysterett knytt til denne. Til dømes i Danmark er det løyve til å skipe ein «valkyrkjelyd» der ein kan melde seg inn uavhengig av geografisk tilknyting.

Dei fleste domkyrkjer er soknekyrkjer i tillegg til å vere sete for biskopen.

Det er uvisst når soknekyrkjeordninga vart innført i Noreg. Dei første fylkes- og hovudkyrkjene reist på 1000-talet var truleg soknekyrkjer for eit definert geografisk område. Etter innføringa av tiendeskatten på 1100-talet må soknegrensene ha vore fastlagte og soknekyrkjenettet i hovudtrekk etablert. I England er parallellen parish church, som vart utvikla før år 1000.

Den åttekanta koravslutninga i Voll kyrkje.

Soknekyrkja vart ofte utforma som ei langkyrkje.[1] Dei første kyrkjene vart som regel bygd med kor og skip i same breidde. Etter kvart vart koret skilt frå hovudskipet, det vart større og lengre og meir avgrensa frå resten av bygningskroppen. Korvindauga vart gjort større og det vart fleire av slik at alteret fekk meir ljos. Koret kunne vere avslutta tvert, ofte med ei rad vindauge, forma som apsis eller oktogon. Apside eller apsis er ei halvsirkelforma avslutning på kortilbygget, som i Gamle Aker kyrkje, medan oktogon er ei åttekanta eller halvt åttekanta avslutning som i Voll kyrkje i Måndalen.

Mange eldre kyrkjer, både mellomalderkyrkjer og kyrkjer oppført etter reformasjonen, vart bygd om og utvida på 1800-talet, etter at kyrkjelova frå 1851 avgjorde at ei soknekyrkje skulle ha plass til minst tre tidelar av folketalet i soknet. Ved ombygginga kunne ei opphavleg langkyrkje få krossarmar eller langskipet kunne bli forlenga. Ei rad mellomalderkyrkjer vart bygd om og utvida på 1700-talet, og framstår i dag meir som barokk- eller renessansekyrkjer med rikt dekorert interiør. Døme på dette er Holt kyrkje og Dypvåg kyrkje i Tvedestrand og fleire andre kyrkjer på Sørlandet. Ei rad trekyrkjer i nygotisk stil vart oppført på 1800-talet, oftast som langkyrkjer.

Privatkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Oktogonen i domkyrkja i Achen var oppført som eit privat kapell for Karl den store.

Privatkyrkjer var vanleg i mellomalderen, og vart på norsk også kalla høgendeskyrkjer (av «høgjende» eller «høyende» = sitjepute eller hovudpute)[2] knytt til store gardar og herresete, men som ofte også vart brukt som soknekyrkjer. Ein del soknekyrkjer hadde også private kapell i ein etasje over koret. I Europa var det i tillegg til reine privatkyrkjer ein type stormannskyrkjer med private kapell, kalla dobbelkyrkjer.

Døme på tidlegare private kyrkjer er Hove kyrkje i Vik i Sogn og Giske kyrkjeSunnmøre.

I Noreg er det tre private kyrkjer: Gamlebyen kyrkje i Oslo, som tilhøyrer stiftelsen Oslo hospital og blir leigd ut til Oslo kirkelige fellesråd. Det same gjeld Lovisenberg kyrkje i Oslo, som Diakonissehuset eig, og Løkken kyrkje i Meldal kommune i Sør-Trøndelag.

Katedral[endre | endre wikiteksten]

Katedral er det same som ei domkyrkje eller biskopkyrkje, det vil seie hovudkyrkja i eit bispedømme der biskopen har sitt sete. Ordet katedral skriv seg frå gresk «καθέδρα» via latin cathedra, som tyder «trone» eller «stol» - det siktar til biskopens lærestol, symbolet på biskopens embete. Bispestolen finst også som ein fysisk stol i koret i domkyrkjene. Ordet katedral blir på norsk også nytta nytta om kyrkjer av særleg monumentale dimensjonar, til dømes Ishavskatedralen i Tromsø. Innanfor den katolske kyrkja og andre kyrkjesamfunn som den anglikanske høyrer eit domkapittel til domkyrkja. Domkapittelet er eit ordensliknande fellesskap av prestar knytt til domkyrkja, men uten å høyre til ein klosterorden. Domkapittelet omfattar då prestar, kalla kannikar, med leiarfunksjonar i biskopens administrasjon. Leiaren for domkapittelet blir kalla dekan. I Svenska Kyrkan tyder domkapittel det same som bispedømmeadministrasjonen. Enkelte større kyrkjer kan etter sedvane ha knytt til seg eit kapittel uten at kyrkja har rang som domkyrkje eller katedral, slike kyrkjer blir kalla kapittelkyrkjer. Domkapittel finst ikkje innanfor den norske kyrkja.

Lovekyrkje[endre | endre wikiteksten]

Lovekyrkjer, også kalla gåvekyrkjer eller votivkyrkjer, er kyrkjer som har basert drifta på gåver (kyrkjer som er gitt lovnader, gjerne i takksemd eller i samband med bønn i naud eller sorg). Slike kyrkjer, som gjerne var små, var tidlegare ganske vanlege i Noreg, heilt frå mellomalderen. Desse kyrkjene var ofte bygd som privatkyrkjer. Bønsnes kyrkjeRøyse i Hole kommune er døme på lovekyrkje. Votivgåver var viktig for Røldal stavkyrkje som hadde ei rad gjenstandar kjøpt for gåver.

Inndeling etter plantype[endre | endre wikiteksten]

Den første Peterskyrkja var utforma som ein basilika

Kyrkjene har ulike plantypar som i hovudtrekk har vore relativt konstant gjennom det meste av historia.

Basilika[endre | endre wikiteksten]

Basilika er den eldste plantypen og har sitt arkitektoniske førebilete i førkristne offentlege bygningar i det gamle Roma. Den utvikla seg tidleg som typisk for dei kristne gudshus. Basilikaen har eit høgt midtskip flankert av to lågare og mindre sideskip. Denne tredelinga med søylerekker (arkadar) som markerer overgangen mellom skipa, er det mest typiske for basilikaforma. Ei kyrkje med basilikaform er eit langstrakt bygg, men skil seg frå den enkle norske langkyrkja ved at ein basilika er treskip og har midtskip som er høgare enn sideskipa. Dei lavare sideskipa gjev plass til vindauge i eit klerestorium slik at meir lys kjem inn i midtskipet og det indre av kyrkja. Basilikaforma finn ein hovudsakleg i store steinkyrkjer, men stavkyrkjer med heva midtrom (type B) har likhetstrekk med basilika. «Det er den mangesøilede basilika overført til træ. Her er ligefrem imitation,» skreiv Harry Fett om Urnes stavkyrkje.[3] Sjølv om det er slik likskap med basilikaforma er det uklart om stavkyrkjer av type B er ein slag basilika («basilikateorien») eller om desse stavkyrkjene er ei vidareutvikling av førkristent sentralbygg.[4]

Buksnes kyrkje frå 1906 har formelement frå historiske førebilete.

Trass skiftande arkitektoniske stilartar har basilikaforma blitt vidareført og etablert som den vanlegaste og mest typiske grunnforma innan kyrkjearkitekturen. Dei store romanske og gotiske kyrkjene vart oppført som basilikaer. Eit typisk døme er den romanske Durhamkatedralen.

I Noreg vart Nidarosdomen og katedralane i Oslo, Hamar (øydelagt 1567), Stavanger og på Orknøyane reist som basilikaer. Fleire kyrkjer på Austlandet har eller hadde også basilikaform: Gamle Aker kyrkje, Hoff kyrkjeToten, Ringsaker kyrkje og Nikolaikyrkja på Gran. Mariakyrkja i Bergen er også ein basilika. Tjølling kyrkje i Vestfold vart reist med basilikaform (sterkt ombygd kring 1760).[5] St. Hallvardskyrkja i Oslo, St. Albanus kyrkja i Selje kloster og enkelte andre tapte kyrkje har truleg også hatt basilikaform.[6] På 1800-talet vart basilikaforma gjenopptatt i historistiske kyrkjer. Buksnes kyrkje i Lofoten er reist som basilika og med dragestil, den minner om ei stavkyrkje.[7] Av nyare norske kyrkjer er Steinkjer kyrkje og Bodø Domkyrkje utforma etter ein klassisk basilikal plantype.

Når det gjeld den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er nemninga basilika ikkje alltid berre avgrensa til slike kyrkjebygningar som er reist etter den gamle, basilikale planløysinga. Nemninga kan òg verte nytta om slike kyrkjebygningar som ein keisar har fått bygd, og om kyrkjebygningar som paven ved særlege vedtak har gjeve nemninga basilika på grunn av at bygningen har funksjon som pilegrimskyrkje. Innanfor den katolske kyrkja blir nemninga basilika nytta om kyrkjer med særleg høg status.

Sentralkyrkje[endre | endre wikiteksten]

Grunnplan for sentralkyrkja San Vitale i Ravenna.
For meir om dette emnet, sjå Sentralkyrkje.

Ei sentralkyrkje er ei kyrkjeform med sentralplan, altså eit grunnplan som er symmetrisk til alle sider omkring ein vertikal akse. Desse kan vere sirkulære, kvadratiske, oktogonale (åttekanta) eller liknande.[8] Ein rotunde har også sentralplan. Døme på sentralkyrkjer er San Vitale i Ravenna og Trefoldighetskyrkja i Oslo. Kor, apsider inngangsparti (våpenhus) kan vere integrert, men er ofte i tilbygg som bryt med symmetrien i grunnplanet.[9]

For meir om dette emnet, sjå Åttekantkyrkje.

Kyrkjer med åttekanta grunnplan er ei vidareutvikling av idéen bak sentralkyrkjeforma med kyrkjelyden samla i eitt rom omkring alteret.[8] Åttekantkyrkje eller oktogonal kyrkje er eit kyrkjebygg der grunnplanet er ein rein oktogon, eller der berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg (armar) for kor og våpenhus (slike tilbygg kan gje heile bygget ei meir langstrakt form som ei langkyrkje) eller der oktogonen har armar til fire sider (som i ei krosskyrkje).[10]

Langkyrkje[endre | endre wikiteksten]

Reinli stavkyrkje er bygd som ei langkyrkje
Foto: John Erling Blad
Holdhus kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1306.
For meir om dette emnet, sjå Langkyrkje.

Ei langkyrkje har eit langstrekt kyrkjerom som skal symbolisere den heilage vegen («via sacra») frå vest mot soloppgangen i aust. Typisk for langkyrkjene er at koret er smalare og lågare enn hovudskipet. Denne kyrkjetypen har vore den vanlegaste i Noreg frå mellomalderen fram til 1900-talet. Ei rad av stavkyrkjene frå mellomalderen er utforma som langkyrkjer. Mange av steinkyrkjene oppført etter 1250 er også langkyrkjer. Forma fekk òg ei ideologisk forankring som ei luthersk kyrkjeform. Denne plantypen finn ein til dømes i dei mange nygotiske kyrkjene som vart oppført i Noreg frå siste halvpart av 1800-talet.

Krosskyrkje[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Krosskyrkje.

Krosskyrkje er ei kyrkjebygning som har ein krossplan. Planen kan vere utforma som ein latinsk kross med langt hovudskip og kortare krossarmar, eller som ein gresk kross med like store krossarmer. Krossarmane består av eit tverrskip eller transept som kryssar hovudskipet. Ein slik plan kan symbolisere både Kristi kross og hovudgatene i Jerusalem, som dannar ein kross. Plantypen finst i store delar av verda, men soknekyrkjer av stein med opphavleg krossform har ein ikkje hatt i Noreg i mellomalderen, sjølv om fleire kyrkjer seinare har vorte ombygt. Norderhov kyrkjeRingerike og Haslum kyrkje i Bærum er døme på korskyrkjer i stein som er ombygde frå langkyrkje, medan Nidarosdomen vart oppført med krossforma grunnplan.[11]

Inndeling etter byggjeteknikk[endre | endre wikiteksten]

Byggjeteknikken er knytt til byggjematerialet som er brukt. På kontinentet og i Sør-Sverige gjekk tre som materiale i kyrkjebygg ut av bruk allereie i mellomalderen, medan i Norge dominerte heilt til moderne tid.

Mur[endre | endre wikiteksten]

Til murkonstruksjonar vart det frå byrjinga nytta naturstein. Mjuke bergartar som kleberstein kan formast etter ønskje og behov, og har vore mykje nytta i kyrkjebygging i Noreg til dømes i Nidarosdomen og Mariakyrkja i Bergen. På Møre er det bygd fleire kyrkjer med stort innslag av stein hoggd ut i lokale marmorbrot, mellom anna Giske kyrkje og Tingvoll kyrkje. Slike bygg blir gjerne kalla steinkyrkjer. Natursteinen vart ofte pussa med kalkmørtel. Teglstein kom i bruk i Noreg allereie i mellomalderen. I nyare tid er fleire stor kyrkjer i Noreg oppført i tegl. Til dømes Oslo domkyrkje (med opphavleg gul tegl og påbygg i raud tegl), Johanneskirken i Bergen og Trefoldighetskyrkja i Oslo oppført i tegl. Sjølv om ein del mura kyrkjer har nytta treverk i tak eller til avstiving av veggar, blir dei rekna som steinkyrkjer.[5] Etter krigen kom armert betong i bruk også i kyrkjebygg og dette opna for både nye konstruksjonsløysingar og nye arkitektoniske uttrykk. Døme på dette er Bodø domkyrkje (som har fem skip uten støtte av søyler), Kirkelandet kyrkje (Kristiansund) og Ishavskatedralen.[12]

Tre[endre | endre wikiteksten]

Tre har vore det dominerande byggjematerialet i norske kyrkjer heilt frå den første kristne tida. Først med dei enkle stolpekyrkjene der stavane eller stolpane var sette ned i grunnen, deretter med stavkyrkjene der stavane står på ei rame som ligg på eit tørt fundament av stein. Felles for desse er ein berande konstruksjon av vertikale stavar eller stolpar. Stolpekyrkjene rotna nedanfrå og finst no berre som arkeologiske spor.

På 1600-talet og utover vart nesten alle nye kyrkjer på landet i Noreg oppført i lafta tømmer. Det vart ikkje bygd nye stavkyrkjer og dei gamle vart etterkvart erstatta av tømmerkyrkjer. Tømmerkonstruksjonen gav ein lågare og tyngre bygningstype enn stavkyrkjene frå mellomalderen.[8] Enkelte stavkyrkjer vart også utvida med tilbygg i lafta tømmer slik at desse har blanda byggjeteknikk. Søndeled kyrkje er eit bygg i stein frå mellomalderen, men vart utvida med påbygg i lafta tømmer på 1700-talet.

Ein del steinkyrkjer har takkonstruksjon (sperrer eller takstolar) i treverk. Treverk har også vore nytta til avstiving av veggar mura i naturstein.[5]

Kyrkjerommet[endre | endre wikiteksten]

Barokk-kyrkje i Herzogenburg

Altar[endre | endre wikiteksten]

Altar eller alter (av latin altare, frå altus, 'høg') står plassert i koret i aust. Det har fleire symbolske tydingar: 1. Guds trone, symbolet på Guds nærvær i kyrkja, 2. offerstad og 3. bord for nattverdsmåltidet der vigsling av brød og vin skjer.

Altartavle[endre | endre wikiteksten]

Ei altartavle er eit religiøst kunstverk i ei kristen kyrkje som står over eller bak altaret.[13] Altartavla kan vere utført av ymse materiale, som til dømes tre eller stein. Ei altartavle kan vere rikt utsmykka med utskjeringar og med eit måleri i midtfeltet.

Særtrekk ved norsk kyrkjearkitektur[endre | endre wikiteksten]

For meir om historikk og kyrkjearkitektur i Noreg, sjå Kyrkjebygg i Noreg.

Det har vore bygd om lag 3000 kyrkjer i Noreg, om lag halvparten av desse, særleg stavkyrkjer, er tapt. Av dei 1676 kyrkjene som eksisterte i 1975 var 1324 bygg oppført før andre verdskrigen (i tråd med tradisjonelle arkitektoniske former) og vart av Muri kalla «gamle kyrkjer».[10]

Muri[10] gjorde i 1975 følgjande oppteljing av kyrkjer frå før formeksperimenta byrja og nye materiale kom i bruk etter krigen:

Kyrkjetype Tal (i 1975)
Stavkyrkje 31
Steinkyrkje frå mellomalderen 157
Langkyrkjer 850
Krosskyrkjer 190
Åttekantkyrkjer 74
Y-plan 5
Firkantplan 15

Inndelinga i tabellen er ikkje eksakt fordi kategoriane er dels overlappande og fordi det finst blandingsformer.[10] Til dømes kan både stavkyrkjer og steinkyrkjer frå mellomalderen ha form som langkyrkje, og fleire stavkyrkjer vart ombygd til krosskyrkje etter reformasjonen. Medrekna mellomalderkyrkjene i stav og stein kom Muri til 1040 kyrkjer med langplan.

Før reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Aurdal kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1735.

Det mest spesielle ved det norske kyrkjelandskapet er dei mellomalderske stavkyrkjene. Internasjonalt er desse nær eineståande i sitt slag. Det var kanskje så mykje som 1000 stavkyrkjer i mellomalderen, men berre 271 steinkyrkjer (160 av desse eksisterer fortsatt). Alle trekyrkjer vart før reformasjonen oppført i stavkonstruksjon, berre ei eller kanskje to små kyrkjer vart bygd av lafta tømmer.[14] Dei fleste stavkyrkjene forsvann fram mot 1700 og vart ofte avløyst av kyrkjer i lafta tømmer.[15] På 1400- og 1500-talet vart det praktisk tala ikkje reist nye kyrkjer i Noreg.[16] Frå 1620 er det bevart systematiske kyrkjerekneskaper i Noreg, men for tida før er mangel på kjelder som gir innsikt i overgangen frå mellomalder til nyare tid.[8]

Etter reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Preikestolalter med orgel i Kongsberg kyrkje

I perioden 1600-1800 vart det reist nær 600 kyrkjer i Noreg. Bygginga skjedde jamnt med om lag 30 nye bygg for kvart tiår, og dei aller fleste kyrkjene vart kosta og styrt av kyrkjelyden sjølv. På 1600-1700-talet var europeisk kyrkjearkitektur heilt dominert av stein, medan det i Noreg berre vart bygd 19 kyrkjer i mur (hovudsakleg i byane der det ofte var murtvang). På landet var alle nye kyrkjer i tida 1600-1800 lafta tømmer (med unnatak av Sør-Fron kyrkje), og tre som byggjemateriale dominerte endå meir enn i mellomalderen. Fet kyrkje frå 1580 var ei tidleg tømmerkyrkje oppført etter reformasjonen.[17]

Etter reformasjonen vart dei tidlegare katolske kyrkjebygga vidareført som protestantiske. Med dei nye kyrkjebygg på 1600-taler er det tendenser til avvik frå den katolske tradisjonen og frå omkring midten av 1700-talet skjer tydelege endringar innanfor protestantisk kyrkjearkitekur i Noreg. Med reformasjonen og pietismen vart ordet (preika) sentral og heile kyrkjelyden måtte difor høyre presten godt. Preikestolen var trekt fram i kyrkjerommet, den var rikare utsmykka og det vart laga betre innsyn til kor og altar for at kyrkjelyden i større grad skulle bli involvert i ritualet.[18] Ei særmerkt løysing var å plassere preikestol (og orgel) over alteret sentralt i kyrkjerommet. Kongsberg kyrkje var den første i Noreg planlagt med eit slikt preikestolsalter (Kanzelaltar på tysk), men allereie i 1749 skal Hopen kyrkje på Smøla ha fått preikestolsaltar.[18] Fleire åttekantkyrkjer vart utforma etter same prinsipp. Etterkvart oppstod misnøye med at alteret var fysisk underlagt preikestolen og langkyrkja med alteret for seg sjølv i koret fekk ein renessanse på 1800-talet.[19] Lange preiker gjorde at ein sette inn faste benkar til å sitje på, i staden for at kyrkjelyden stod eller låg på kne.[18]

Dei lafta krosskyrkjene har mykje til felles med krosskyrkjer i tegl som vart reist på den tida, til dømes Oslo domkyrkje. På 1600-talet vart det òg eksperimentert med kyrkjer med Y-forma grunnplan. Y-forma gav godt innsyn i koret i tråd med dei protestantiske krava til kyrkjerommet.[18] Den eldste av desse som framleis står skal vere Rennebu kyrkje, medan den første var i Bratsberg (1663-1850). Det vart reist 10 slike Y-kyrkjer, 5 av desse eksisterer.[8]

Frå 1851[endre | endre wikiteksten]

Oppheim kyrkje i Voss - ei av dei mange langkyrkjene i tre bygd på 1800-talet.

Kyrkjelova frå 1851 kravde at ei soknekyrkje skulle ha plass til tre tidelar av folket i soknet. Kyrkjer bygd etter 1851 er derfor store relativt til folketalet i soknet. Dette kravet kombinert med oppgangstider i Noreg[19] utløyste bygging av kyrkjer i stort omfang, 623 nye kyrkjer vart reist i siste halvdel av 1800-talet.[20] Mange av desse er enkle prototypar som arkitekt Jacob Wilhelm Nordan stod bak, slik Gjøvik kyrkje er eit døme på. Nordans teikningar ligg til grunn for nær 100 kyrkjer utover i landet. Arkitektane Linstow og Grosch, som sette preg på den nye hovudstaden Christiania, stod òg bak typeteikningar til omkring 80 kyrkjer kvar. Frå denne tida er det eit stort tal kyrkjer som er nesten like.[10] Dei same arbeidsteikningane vart brukt om igjen til ei rad nybygg berre med små endringar. Grosch hadde særleg stor påverknad som rådgjevar for departementet når det gjaldt nye kyrkjebygg. Grosch dominerte også komitearbeidet med utforming av nye typeteikningar (ferdige i 1854).[19] Dei mange nygotiske kvite trekyrkjene på landet og dei raude teglsteinskyrkjar i byane dominerer inntrykket av norsk kyrkjearkitektur.

Trekonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Eit anna særtrekk ved norske kyrkjer er det store talet på trekyrkjer, og særleg i form av kvitmåla trekyrkjer på landet. Om lag tredjeparten av kyrkjene frå og med mellomalderen og fram til krigen er bygd i stein. Fram til krigen dominerte tre som byggjemateriale. Av dei eksisterande kyrkjene er tre som materiale dominerande (opp mot 90 % av alle bygg) i alle epokar unnateke mellomalderen der hovudsakleg steinkyrkjene har overlevd.[10] Tegl er historisk lite brukt som materiale. Tegl vart oftast importert frå Tyskland eller Holland, og hovedsakleg brukt i kystbyane. I innlandet er steinkyrkjer oppført av lokal naturstein.[21] Det skjedde også at forfalne middelalderkyrkjer i stein vart erstatta av trekyrkje, dette gjeld til dømes Tretten kyrkje (i 1586)[21] og Ulstein kyrkje.

Vreim meiner det er tømringa som gav så mange varierte former på norske kyrkjer. Mur og stavkonstruksjon ville gitt meir einsarta kyrkjer.[16] Samstundes er det mogleg å bygge høg og stabile steinveggar med høge opningar til vindauge, i eit murbygg er grunnflata avgrensa av takkonstruksjonen der store spenn er teknisk krevjande.[21] Den enkle langkyrkjeforma med skip og kor blir rekna som «urforma» for norske kyrkjer bygd i mur eller tre.[22]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 * Lidén, Hans-Emil (1981), «Middelalderens steinarkitektur i Norge», Norges kunsthistorie (Oslo) 2, s. 7–125, ISBN 82-05-12266-0 
  2. Aasen, Ivar (1850): Ordbog over det norske Folkesprog. Kristiania: Carl C. Werner Comp.
  3. Fett, Harry (1909): Norges kirker i middelalderen. Kristiania: Norsk folkemuseum.
  4. Storsletten, Ola (1995): Borgund stavkirke. Oslo: Fortidsminneforeningen.
  5. 5,0 5,1 5,2 Ekroll, Øystein (1997): Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget
  6. Dietrichson, Lorentz (1906): Vore Fædres Verk: Norges Kunst i Middelalderen - en populær Fremstilling. Kristiania: Gyldendal
  7. «Buksnes kirke», Arkitekturguiden, Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Institutt for kultur og litteratur/Universitetsbiblioteket i Tromsø
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  9. Toman, Ralf (2000): Romansk kunst: arkitektur, skulptur, malerkunst. Köln: Könemann (dansk omsetjing).
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Muri, Sigurd (1975): Gamle kyrkjer i ny tid. Oslo: Samlaget.
  11. Korskirke i Store Norske Leksikon, lese på nett 2.jan 2012.
  12. Arnesen, Kristin (2011): Modernismens materialer. Rapport. Oslo: Riksantikvaren.
  13. Altartavle frå nynorskordboka, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 4. mai 2013 
  14. Dietrichson, Lorentz (1892):De norske stavkirker. Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Kristiania: Cammermeyer, s.35.
  15. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  16. 16,0 16,1 Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  17. Norges kirker Fet kirke, lese 6. august 2013.
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Skrondal, Silje (1999): Sør-Fron kirke. Et forsøk på å beskrive sammenhengen mellom protestantisk kirkearkitektur, teologi og liturgi. Hovedoppgave - Universitetet i Oslo, 1999
  19. 19,0 19,1 19,2 Sæther, Arne E. (1990): Kirken som bygg og bilde. Rom og liturgi mot et tusenårsskifte. Arne E. Sæther i samarbeid med Kirkerådet og Kirkekonsulenten.
  20. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-12-23 ved Wayback Machine. lese 21.02.13.
  21. 21,0 21,1 21,2 Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.
  22. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 27. mars 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Christie, Håkon, «Stavkirkene – Arkitektur» i Norges kunsthistorie, bind 1, Oslo 1981, s. 139–250 ISBN 82-05-12265-2
  • Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971
  • Smith, Edvin; English Parish Churches, Yorkshire 1976 ISBN 0-500-20139-0
  • Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge, 1700-tallet Skjønnhetens århundre, ISBN 82-91399-10-7