Kyrkjebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrkjebø
Geografi
Kommune Høyanger
Fylke Sogn og Fjordane
Folkemengd[1] 280 (2012)
Folketettleik 651,2 /km²
Areal[1] 0,43 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Riksvei 55.svg 
Postnummer 6995 KYRKJEBØ
Kart
Kyrkjebø is located in Sogn og Fjordane
61°9′49″N 5°53′59″EKoordinatar: 61°9′49″N 5°53′59″E

Kyrkjebø er ein tettstad i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane fylke, og eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Kyrkjebø var frå 1858 til 1964 òg ein kommune. Tettstaden har 280 innbyggjarar (2012) og ligg omtrent midt mellom Vadheim og Høyanger sentrum, på nordsida av Sognefjorden. Austreim ligg like austom Kyrkjebø.

Kyrkjebø kyrkje
Foto: kirkenorge.no

På Kyrkjebø ligg Kyrkjebø kyrkje og barneskulen Kyrkjebø skule.

Tidlegare Kyrkjebø kommune[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjebø var eigen kommune frå 1858 til 1964. Kyrkjebø var opphavleg del av Lavik formannskapsdistrikt.

  • I 1858 vart Kyrkjebø (då kalla Klævold) skild ut som eigen kommune med 1645 innbyggjarar.
  • 1. januar 1875 vart ein del av Kyrkjebø kommune, med 90 innbyggjarar, overførd til Lavik og Brekke kommune.
  • 1. januar 1964 vart Kyrkjebø kommune, med 4742 innbyggjarar, slegen saman med Lavik kommune og ein mindre del av Vik kommune til den nye Høyanger kommune.[2]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjebø var den største kommunen i Sogn og Fjordane i folketal frå 1920-talet og fram til 1953, då Årdal kommune vart større.

Folketalsutvikling for tidlegare Kyrkjebø kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[6]
2585 4025 4854 4691 4566 4742

Kyrkjebø sokn[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjebø er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart overførd til Lavik frå Vik prestegjeld i 1809, ved opprettinga av Lavik prestegjeld.[7] Soknet har ei kyrkje, Kyrkjebø kyrkje frå 1869, og i tillegg høyrer Vadheim bedehuskapell til soknet. Fram til 1997 høyrde òg Bjordal kyrkje og Ortnevik kyrkje til soknet, men dei har sidan høyrd til Bjordal og Ortnevik sokn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Kyrkjebø kommune henta frå Arkivportalen[endre | endre wikiteksten]

Kommunale arkiv

Privatarkiv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Kyrkjebø/Høyanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, (Statistisk sentralbyrå, 1999)
  7. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]