Kyrkjegard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kyrkjegard er eit område som er avsett til gravleggjing av daude. Ein kyrkjegard ligg ofte tilknytt ei kyrkje. Ein frittliggande kyrkjegard kan også verte kalt for ein gravlund.
Kyrkjegardar vert etter gravferdslova til vanleg forvalta av kyrkjeleg fellesråd i kommunen, og er soknet sin eigedom. Både Den norske kyrkja og andre registrerte trussamfunn skal gis høve til å vigsle ein kyrkjegard eller deler av han.