Kyrkjeklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei klokke i Chapelle Saint-Antoine i Cantal, Frankrike

Kyrkjeklokker er ein del av det liturgiske utstyret i kyrkjene.

Den liturgiske funksjonen til klokkene i evangeliske kyrkjer er:

  • å forkynne Guds ære
  • å samle kyrkjelyden til gudsteneste
  • å kalle til bønn og forbønn
  • å minne om målet om eit evig liv med Gud i himmelen

Ein skil mellom tre ulike måtar å bruke kyrkjeklokkene på:

Ringing er å la sjølve klokka svingje på klokkeakselen. Dette er den mest vanlege måten å bruke kyrkjeklokkene på.
Kiming er å slå i rask takt med kolven mot slagringen på klokka. Kiming blir brukt ved fest og høgtid.
Klemting er å slå i langsam takt med kolven mot slagringen på klokka. Klemting blir brukt for å markere sorg.

Forringing, vanlegvis ca. 5 minutt med den største klokka, kan bli brukt ei tid før hovudgudstenesta for å kalle til gudsteneste. Like før gudstenesta, blir det ringt med alle klokkene i ca. 5 minutt, dette vert kalla samanringing. På høgtidsdagene til jul, påske og pinse blir det kima til høgmesse.

På høgtidsaftnane, dvs. på julaftan, påskeaftan og pinseaftan, skal kyrkjeklokkne ringje i ca. 5 minutt og kime i ca. 5 minutt avvekslande og med ein pause imellom på 1-2 minutt i til saman ein time, vanlegvis mellom kl. 17 og 18.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]