Kyrkjetoneart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kyrkjetoneartar eller modale skalaer er diatoniske skalaer, som skil seg frå vanleg dur eller moll ved at dei er tonale modi. Skalaene var mykje nytta i gregoriansk song, og nemninga «kyrkjetoneart» skriv seg frå denne praksisen. Nemningane på dei ulike skalaene kan daterast attende til den greske antikken. Teorien kring skalaene er og datert attende til tidleg musikkteori.

Reint praktisk kan kyrkjetoneartane bli sett på som skalaer med dei same intervalla som durskalaen, men med ulik grunntone. Ein jonisk skala svarer til ein durskala; i C: C, D, E, F, G, A, H, C. Dersom ein spelar dei same tonane i same rekkefølgje, men startar på andre trinn (D) får ein den doriske skalaen i D: D, E, F, G, A, H, C, D. Vidare får ein den frygiske skalaen i E om ein spelar dei same tonane frå E til E, og så vidare. Sjå oversikt nedanfor.

Saman med dei sju kyrkjetoneartane, fanst det og ei rekkje plagale skalaer, alle med forstavinga «hypo» (Hypo-dorisk og bortetter).

Historia til toneartsystemet[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjetoneartsystemet vart etablert på 700-talet. Frå denne tida voks det fram ei heller avansert teoretisering om emnet. Systemet var det første for praktisk utføring av musikk, og vart halden i hevd gjennom heile mellomalderen. Namna på toneartane vart innførte av teoretikaren Hermanus Contractus om lag 1050. Han hadde dei frå Boethius, som nok nytta namna, men på andre skalaer enn dei som seinare vart fastsette.

Når denne systematikken først var innført, vart det ofte til at melodiar som alt fanst, vart tillempa for å høve med teorien.

Finaletonen er den tonen regelen fastsette som endepunkt for melodiane. Desse var det fastsett fire av: d, e, f og g. Tonen svarar til tonika i moderne funksjonsharmonikk. Kvar finaletone hadde to modi knytt til seg, ein modal og ein plagal, i alt åtte skalaer. Autentisk modus gjekk frå finaletonen til oktaven over, plagaltonearten gjekk frå kvarten under finaletonen. Kvar modus hadde ein tenor-tone (resitasjonstone). På denne tonen vart tekstene resiterte. Denne praksisen skreiv seg frå dei fastsette melodiene salmeversa var sungne på.

Ambitus for kvar modus skifter noko frå teoretikar til teoretikar. Den vidaste ambitusen går frå leietona under til tersen over (ein og ein halv oktav).

I mellomalderen var det rekna med åtte ulike modi. Dei er lista opp slik etter traktaten Alia Musica frå nihundretalet. Desse termene er opphavleg greske og skriv seg frå Aristoxenos.

  • Protus Authenticus: Ambitus C-D (none). Finaletone D, Tenor A. Tre avslutningsformlar, svarar til Dorisk skala.
  • Protus Plagalis: Ambitus G-B (desim). Finaletone D, Tenor F. Ein avslutningsformel. Svarar til Hypodorisk.
  • Deuterus Authenticus: Ambitus D-E (none). Finaletone E. Tenor C. Ein avslutningsformel. Svarar til Frygisk.
  • Deuterus plagalis: Ambitus A-C (desim). Finaletone E. Tenor A. To avslutningsformlar, svarar til Hypofrygisk.
  • Tritus Authenticus: E-F (none). Finaletone F, Tenor C. To avslutningsformlar, svarar til Lydisk.
  • Tritus Plagalis: Ambitus C-D (none). Finaletone F, Tenor A. To avslutningsformlar, svarar til Hypolydisk.
  • Tetrardus Authenticus: Ambitus F-A (desim). Finaletone G, Tenor D. Ein avslutningsformel, svarar til Mixolydisk.
  • Tetrardus Plagalis: Ambitus C-E (desim). Finaletone G, Tenor C. To avslutningsformlar, svarar til Hypomixolydisk.

Hermanus Contractus organiserte systemet etter synlege skalaer om lag 1050, og tok i bruk namn han hadde funne hjå Boethius:

  • Dorisk: Finaletonen var D, Tenor låg på A. H kunne skyvast nedover etter regelen om Musica ficta. C var leietone (låg septim).
  • Hypodorisk: Kvarten under D, altså A, med same finaletone på D. Tenor låg på F.
  • Frygisk: Finaletonen var E, tenor låg på C.
  • Hypofrygusk: hadde same finaletone som frygisk, og tenor på A. H følgde regelen om Musica ficta.
  • Lydisk gjekk frå F som i dag, med H under Musica Ficta-regelen (for å unngå tritonus). Finaletonen var F, Tenor C.
  • Hypolydisk var rekna frå C, med F som finaletone og Tenor på A. H følgde Musica ficta.
  • Mixolydisk: G som finaletone og D som tenor-tone.
  • Hypomixolydisk: G som finaletone og C som tenor-tone.

Kvar skala var delt opp i ein tetrakord (fire tonar) og ein pentakord (fem tonar). Kvar skala var rekna ut frå oktaven. I autentisk modus var tetrakorden over pentakorden, i plagal modus var det motsett. Den doriske skalaen er då sett saman av pentakorden D-A, og tetrakorden A-D. A er tenor-tone, og midtpunktet i skalaen. Den hypodoriske skalaen byrjar med tetrakorden A-D, og pentakorden D-A ligg over. Finaletonen er delt av båe skaladelane.

Teoretikarane skilde ut fem slag melodiar etter dette systemet:

  • 1: den fullkomne melodien, som høver heilt med den modale oktaven.
  • 2: Den "ufullkomne" melodien, som er trongare enn ein heil oktav.
  • 3: "Meir enn fullkomen", melodien som strekkjer seg lenger enn oktaven.
  • 4: "blanda", ein autentisk melodi som senkjer seg ned i den plagale tetrakorden under finaletonen, eller ein plagal melodi som strekkjer seg opp i den øvre tetrakorden.
  • 5: «samblanda», ein melodi som nyttar ein kvart eller kvint som ikkje høyrer til i sin eigen modus. I tillegg til desse fanst det melodiar som vart kalla «irregulære».

Desse reglane var grunnlaget for utvikling av tidleg fleirstemmig tenking frå 1200 til opp på 1500-talet. Grunntanken var melodisk snarare enn harmonisk. Modus for eit fleirstemmig stykke var tufta på modus i tenor (mellom anna stadfest av Johannes Tinctoris). Tradisjonen for dette skriv seg attende til ars antiqua.

Skalatypar i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag reknar ein med sju modale skalaer i alt, nedanfor rekna utifrå C-durskalaen og oppetter:

  • Jonisk - den vanlege durskalaen, altså C-dur.
  • Dorisk - Denne var rekna frå D, og skil seg frå rein moll med høg sekst.
  • Frygisk - går frå E, og skil seg frå rein moll ved ein låg sekund.
  • Lydisk - går frå F, og skil seg frå vanleg dur ved forstørra kvart (Tritonus).
  • Miksolydisk - går frå G, og skil seg frå vanleg dur med låg septim, og kan derfor nyttast over dominantakkordar.
  • Eolisk - rein moll (i dette tilfellet A-moll).
  • Lokrisk - går frå H, og er ein frygisk skala med forminska kvint

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]