Kyrre Grepp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kyrre Grepp (6. august 18796. februar 1922) var ein norsk politikar, gift med journalisten Rachel Grepp. Han var medlem av Arbeidarpartiet, partileiar 1918-1922 og var sentral i arbeidet med å melde partiet inn i Den kommunistiske internasjonalen. Han døydde ung, av tuberkolose.

Grepp var fødd i Brønnøy, men budde som vaksen i Kristiania, der han mellom anna var representant for Arbeiderpartiet i bystyret frå 1913.

I 1908 grunnla han vekeavisa Vor Tid. I 1911 var han i lag med Martin Tranmæl i grunnleggjinga av Fagopposisjonen av 1911, som hadde som mål å radikalisere den faglege Landsorganisasjonen, og gjere LO til ein organisasjon som skulle arbeide for sosialismen. Grepp var leiar i Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, ungdomsforbundet til Arbeidarpartiet frå 1913.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.