Kyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvinner med kyser på fiskartorget på Gammel Strand i København ca. 1815.

Kyse eller køyse er ei hette med band ein kan knyte under haka. Kysa er eit hovudplagg som ikkje sit fast i andre klesplagg. Det dekkjer gjerne nakken og øyrene og toppen av hovudet, men ikkje pannen. Det kan ofte vera vattert. Plagget er i dag særleg utbreidd blant småbarn, men kan også vera del av uniformar og tradisjonelle draktar.

Barnekyser[endre | endre wikiteksten]

For barn kan ein bruka kyser til å halda hovudet varmt og til å pynta med. Det er til dømes vanleg å bruka kyse saman med dåpskjole.

Kvinnekyser[endre | endre wikiteksten]

I europeisk mote var det lenge eit kvinneplagg som fanst i ulike utformingar. Enkle kyser var vanlege blant bondefolk, medan damemote på 1800-talet kunne omfatta store kyser med brei brem framfor og på sidene, også kalla «kysehatt» eller «capote». Kvinnemoten gjekk seinare over til hattar før hovudplagg i stor grad forsvann i vestleg klesskikk. Kyser blir framleis brukt i ein del folkedraktar og blant mellom anna amishfolk. I ein del uniformar utforma for kvinner på 1800- eller 1900-talet, til dømes hjå sjukepleiarar og tenestejenter, blei kyse ein viktig del. Denne kysa blei med tida kraftig redusert i storleik, slik at ho gjerne enda opp som berre eit smalt tøystykke rundt hovudet.

Bagkrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kyse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]