Kysjtym
| Kysjtym Кыштым |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Tsjeljabinsk oblast | ||||
| Grunnlagd Bystatus |
1757 1934 |
||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
45,67 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
41 000 897,7 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 456870 | ||||
| Retningsnummer (tlf) | +7 35151 | ||||
Kysjtym (russisk Кышты́м) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg på austsida av dei sørlege Uralfjella, rundt 90 km nordvest for Tsjeljabinsk, nær byen Oziorsk.
Atomulykke [endre]
Kysjtym ligg nær det kjernefysiske komplekset Tsjeljabinsk-40, òg kjent som «Majak» («varde» på russisk). Her oppstod det den 29. september 1957 ein kraftig eksplosjon som involverte tørre nitrat og acetatsalt i ein tank med høgradioaktivt avfall. Ulukka forureina eit stort område som mellom anna omfatta Kysjtym. Eksplosjonen skuldast svikt i kjølesystemet til tanken. [1]
Det vart slept ut 40 PBq med fisjonsprodukt. Cerium-144 og Zirconium-95 (begge relativt kortlevde isotopar med ei halveringstid på respektive 285 og 64 dagar) utgjorde 91 % av utsleppet. Det var 1 PBq med Sr-90 og 13 TBq med Cs-137. Den forureina sonen, som vert kalla East Urals Radioactive Trace (EURT), målte 300 x 50 km og var forureina med meir enn 4 kBq/m² med Sr-90. Det globale nedfallet av Sr-90 var rundt 2 kBq/m². Eit område på 17 km² var forureina med rundt 100 MBq Sr-90/m².
Det var 270 000 innbyggjarar i området. Masseevakuering vart gjennomført, sidan den kritiske forureina kom frå Sr-90, med ei effektiv halveringstid på 10-20 år. Omkring 800 km² land vart teke ut av bruk. 82 % av dette området er no teke i bruk att, til skogdrift og jordbruk.
Kysjtym-ulukka vart stort sett skjult av sovjetiske styresmakter fram til 1980, då den sovjetiske biologen Zjores Medvedev avslørte hendinga.
-
Utsikt mot Kysjtym frå ei av bruene, med ein moske og Sugomakfjellet i bakgrunnen
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kysjtym» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
==Bakgrunnsstoff
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter. Tsjeljabinsk | ||
|
Asja · Bakal · Jemanzjelinsk · Jurjuzan · Juzjnouralsk · Karabasj · Kartaly · Kasli · Katav-Ivanovsk · Kopejsk · Korkino · Kusa · Kysjtym · Magnitogorsk · Miass · Minjar · Njazepetrovsk · Oziorsk · Plast · Satka · Sim · Snezjinsk · Trjokhgornyj · Troitsk · Tsjebarkul · Ust-Katav · Verkhnij Ufalej · Verkhneuralsk · Zlatoust |
||