Kyskleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tristan og Isolde er kjende for sin kyske kjærleik.

Kyskleik (av kysk, som kjem gjennom lågtysk frå latin castus, 'rein') viser til det å vera seksuelt urørt, avhaldande, eller strengt følgja normene for seksuell oppførsel i eit visst samfunn.

Kyskleik er i mange religiøse og kulturelle samanhengar ein dyd som handlar om reinleik i kropp og sjel. Uttrykket vert som oftast forbunde med å avstå frå seksuell omgang, særleg utanfor ekteskapet. Kyskleik kan oppfattast som synonymt med jomfrudom eller avhald frå all seksuell aktivitet. Mange vurderer også gifte par til å vera kyske viss dei berre har seksuell omgang med kvarandre.[1]

Kyskleik er eit viktig element i høvisk kjærleik, som ein ofte finn i europeiske riddarromanar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]