Kysnesstranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kysnesstranda
Geografi
Kommune Jondal
Fylke Hordaland
Annan informasjon
Ferdselsårer Fv107
Postnummer 5626 KYSNESSTRAND
Kart
Kysnesstranda is located in Hordaland
60°12′14″N 6°6′47″EKoordinatar: 60°12′14″N 6°6′47″E

Kysnesstranda, også skrive Kysnesstrand eller berre Kysnes, er ei bygd i Jondal kommune i Hordaland fylke. Bygda ligg ved Hissfjorden, som er ein delfjord til Hardangerfjorden, kring 15 kilometer sørvest for Jondal sentrum. Kysnesstranda strekkjer seg frå Hammaren, der kommunegrensa mot Kvinnherad går, til Grotnes.[1]

Viktige næringsvegar er landbruk og havbruk, men mange har arbeidet sitt i kommunesenteret Jondal.[1]

Kysnesstranda har vegsamband via Fylkesveg 107 som går mellom Jondal sentrum og Hessvik i Kvinnherad kommune.

Området høyrde fram til 1964 til Strandebarm kommune.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]