Kystartilleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
105 mm kanon på Fjell festningSotra

Kystartilleri er ei militær våpengrein som tradisjonelt har hatt ansvaret for kanoner i faste installasjonar langs kysten for skyting på sjøborne mål. Kystartilleriet har òg omfatta undervassforsvaret med minefelt og torpedobatteri, nærforsvarstroppar, landgangsfartøy, luftvern og til tider diverse missilbaserte våpen.

Sidan 90-talet er kystartilleriet bygd ned i dei fleste land, fordi frykta for tradisjonelle invasjonar har avteke og fordi faste installasjonar er sårbare for presisjonsvåpen. Kystartilleri har vore særleg utbreidd i Noreg, Sverige og Finland, men er i ferd med å verta avvikla her òg.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kystartilleriet i Noreg vart skipa som eiga våpengrein i 1899. Det var kystartilleriet som i 1940 senka Blücher og slik hindra tyskarane i å ta nokon av dei kongelege eller regjeringsmedlemane til fange. Kystartilleriet vart underlagt Sjøforsvaret i 1957. Det stasjonære utstyret er i dag nedlagt, og oppgåva med å forsvara kysten er overført til kysteskadren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]