Kystpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Kystpartiet
Partileiar: Roy Waage
Oppretta: 1999
Ideologi: Sentrumsnær konservatisme
Farge: Grøn og svart
Hovudkontor: -
- Oslo
Epost: post@kystpartiet.no
Nettstad: www.kystpartiet.no/
Ungdomsorganisasjon: -
Partiavis: -
Internasjonal tilknyting: -
Europeisk tilknyting: -
Ordførarar: 3
Kommunestyrerepresentantar: 47
Fylkestingsrepresentantar: 3 (2007)
Stortingsrepresentantar: 0
Medlemstal: ?

Kystpartiet er eit verdikonservativt sentrumsparti. Partiet vart formelt skipa den 1. februar 1999 under leiing av Steinar Bastesen. Han hadde då, sidan stortingsvalet i 1997 sete på Stortinget for Tverrpolitisk Folkevalgte, som var ein laust organisert forgjengar for Kystpartiet. Bastesen vart attvald i 2001, men partiet fekk ikkje inn nokon stortingsrepresentantar i 2005. Roy Waage fulgte Steinar Bastesen som partileiar etter sterk kritikk innad i partiet.

Kystpartiet vart tufta på grunnlag av misnøye med måten Stortinget handlar med EU på.

Kystpartiet mista ordføraren (Thor Tøllefsen) i Karlsøy ved valet i 2007. . Tøllefsen var òg partiet sin førstekandidat under stortingsvalet 2005. Paul Rånes var frå 2003 til 2007 ordførar for KP i Røst og Roy Waage er ordførar i Skjervøy, etter at han og kommunestyregruppa melde overgang frå Kristeleg Folkeparti, og vann valet i 2007.

[endre] Stortingsvalshistorikk

Årstal Prosent av stemmene
2001 1,7%
2005 0,8%

Kystpartiet har hovudvekta av støtta si i Nordland og Troms. Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet 14 042 stemmer, eller 10,9%, i Nordland, noko som innebar eitt mandat på tinget. 8 124 stemmar, eller 10,0% i Troms same året var akkurat for lite. Ved stortingsvalet 2005 gjekk partiet kraftig tilbake i Nordland og fekk bare 4 155 stemmar, eller 3,1%. Partiet mista derfor mandatet sitt. Sjølv om tilbakegangen var mindre i Troms, 7 218 stemmar, eller 8,6%, haldt det heller ikkje denne gongen til mandat frå fylket.

[endre] Partiet i kommunar og fylkesting

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 2,0 % av røystene i Nordland, 3,5 % i Troms - om lag 0,4 % på riksplan.

Samfunn Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer.

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Fedrelandspartiet | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet dei grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet
Personlege verktøy